Ferie

Eg kallar det ekte ferie

  • når eg tek meg tid til å studere ei raud lus i bortimot ein halv time før frukost.
  • når det er heilt flott å møte på ein nabo utan å vere redd for at heile dagen skal gå med.
  • når mannen høgtrykksspyler plattingen og synest det er heilt greitt å inkludere rosene i same slengen. Og eg ler av det. Vel og merke kunne rosene bergast.
  • når vi er i eit anna fylke og eg lurer på om ungdomskortet gjeld på ferja. Hordaland er vel snart slått saman med Rogaland? Det var no uansett ei lukke å forvirre ein ferjemann.
  • når eg stiller alarmen på 8.13 berre for å vite at eg kan sove vidare dersom eg vil.
  • når det er ei sann fryd å vaske klede for å sniffe inn lukta av utetørka plagg.
  • når det er så stille i nabolaget at eg har problem med å reise bort.
  • når dei to gjenverande på nærbutikken jobbar så sveitten renn fordi det er høgsesong, og eg får lyst til å hjelpe til.
  • når svartida på meldingar er på fleire dagar.
  • når det er minst like fint vêrVestlandet som på Austlandet. Og det ingen ende vil ta.
  • når eg et ei ekstra vaffel med krem og syltetøy i smug, og trøystar meg med at mannen kan trene meg dersom eg får Alzheimer.
    Jamfør artikkel i Dagbladet om mannen som tek til å trene kona då ho får Alzheimer.
  • når mannen sin bil blir omgjort til traktor for å hente høy til hønene, og tørkinga skjer i garasjen.
  • når høgdepunktet i skumringa er å spionere på brunsniglar.

Det burde nok ha vore straffbart å avbryte ferien for å plage nokon i sørlegare strøk. Men, eg overlever moglegvis.

Peacerose før og
etter høgtrykksspyling
%d bloggers like this: