Mitt parti

Forkorta versjon i Bergens Tidene: https://www.bt.no/btmeninger/debatt/i/ej8jy/Skulle-onske-partiet-mitt-fanst

Mitt parti brukar ikkje kostbar tid på å diskutere kva som er kristne verdiar. Dei viser det i praksis.
Dei lovar ikkje noko dei ikkje kan halde, men snakkar om kva dei ynskjer å jobbe for å oppnå. Noko anna er løgn og bedrag.
Dei slikkar ikkje nokon på ryggen utan at dei eventuelt sit i same regjering. Heilt bevisst angrip dei ikkje person, men brukar tid på viktigare ting.
Dei er så engasjerte og overtydde at dei ikkje treng å harselere.

Dei jobbar for å avskaffe New public management i ein enda større fart enn det innføringstempoet har hatt. Folk går attende til å vere folk og ikkje kundar.

Religion og politikk

  • Mitt parti er nøye med å ikkje blande religion og politikk. Det kan vise seg å vere fatalt og altfor amerikansk.
  • Dei forstår at visse bibelskular kan vere uheldig for ungdom, og sjekkar bakgrunnsinformasjon før dei reklamerer for noko som helst.
  • Dei nektar å stille på debattar der kontroversielle talarar er involvert – uansett. Eg vil nikke anerkjennande og gi ti ekstra poeng.

Skule

  • Å sende ungane på privatskular er noko dei ikkje oppmuntrar til, då dei ser at det er fare for at den offentlege skulen kan bli utarma.
  • Dei ser til å forebygge dårleg inneklima på skulane, slik at ingen treng å opphalde seg i årevis i bygg som kan gi helseskade både på kort og lang sikt.
  • Dei ser til at alle skular har tilsett vaktmeister, då dei forstår at ein vaktmeister er meir enn noko samfunnet kan spare pengar på ved å kutte dei ut. På min skule kjende alle vaktmeisteren.
  • Dei reduserer på rapporteringsplikt for lærarane og lar dei få friare tøylar.
  • Det blir jobba for at SFO får eit meir rettferdig innhald i heile landet. Nokon må ikkje vere på oppbevaring medan andre har utvikling og spanande dagar.
  • Dei tilpassar den nye fråversordninga på eit vis som gjer at legane ikkje brukar tid på pasientar som blir friske av seg sjølve. Sjukepleiarar kan til dømes brukast til litt av kvart.
  • Skular som er tilpassa hørselshemma og blinde blir ikkje lagt ned utan at foreldra til ungane heiar på planane. Dei innser at slike ting ikkje kan målast i pengar og at det fort kan bli meir kostbart å riva ned noko som må byggast opp att.
  • I 6. klasse får ungane eit eige minifag som heiter kommunikasjon. Det blir så praktisk at dei kan få bruk for det resten av sitt liv.
  • Skulekjøkenet har tilsett ein kokk eller nokon som både kan og likar å lage mat. Posesupper blir forbudt.

Helse

  • Mitt parti forstår at meiningar hos fotfolket må vege tungt. Og at legar som prøver å gi beskjed skal lyttast til.
  • Dei finn andre måtar å finansiere sjukehus på enn at legetid må brukast på å kode seg halvt ihjel.
    Dei jobbar for at lovar og reglar blir endra raskare enn fy når sjukehusa finn smartare måtar å jobbe på og dermed risikerer millionunderskot. Då oppretter dei eit slags prosjekt som gjer at dei kan fortsetje å jobbe smart.
    Jamfør sak i Bergens Tidene der pasientar får så rask behandling på Mottaksklinikken at sjukehuset tapar pengar.
  • Dei ser til at den offentlege primærhelsetenesta blir like god som den private.
  • Dei undersøkjer om det kan vere meir matnyttig at store sjukehus samarbeider med andre store sjukehus når det til dømes gjeld å lage felles retningsliner. Dei forstår at det lett kan blir trøbbel når små og store skal bli einige.
    Føretaksmodellen blir evaluert og justert.
  • Dei ser skilnad på abort og tvillingabort og tek også hensyn til dei som skal utføre inngrepet.
  • Energidrikkar blir plassert i same kategori som alkohol, nemleg ikkje heilt ufarleg.
  • Dei ser på ordninga med kopimedisin då dei har blitt obs på at nokon reagerer på kopien utan å forstå at det er medisinen dei blir sjuke av. Kopiar på psykiatriske medisiner blir avskaffa tvert.
    I tillegg blir apoteka offentlege og det blir slutt på å selje sminke og anna drit slik at dei kan konsentrere seg om det dei er utdanna til.

Samferdsle og miljø

  • Mitt parti ligg mange år framfor resten når det er snakk om å tenkje innovativt rundt kollektivtrafikk.
  • Dei lar ingen vere uvitande om at bybane bør innehalde ein eigen etasje for syklar, då dei forstår at fleire vil reise kollektivt dersom dei kan trø raskt vidare.
    Dei er såpass framtidsretta at dei blant anna ser til Tyskland på dette feltet.
  • Sykkelsjefar og andre sjefar får fart på sykkestiane og sit ikkje og dinglar med beina i unyttige møter. Dessutan seier dei ikkje at det er umogeleg å få ei sykkevogn på toget før dei har sett himmel og jord i fritt fall.
    Dei forstår at drivstoff må vere billigare i distriktet enn i byane, då folk på landet ikkje har så mange alternativ.
  • Lofoten er det ingen som får røre.

Velferdsordningar

  • Mitt parti jobbar for at folk ikkje treng å bli 50% ufør for å få stønad frå NAV. Dei veit at det er stor skilnad mellom å gå i 80% og 100% jobb. Då veit dei at arbeidskrafta blir betre utnytta og utgiftene til trygd blir lågare.
  • Dei rører ikkje barnetrygda.

Næringsliv

  • Mitt parti tar godt vare på bøndene og dei elskar sauer.
  • Mitt parti veit ikkje kva søndagsopne butikkar tyder. Eit slikt ord tar dei ikkje i sin munn.

Sosiale og usosiale medier

  • Mitt parti skriv i aviser og snakkar på TV og linkar til dette i sosiale medier.
  • Dei lagar ikkje ekskluderande debattar på Facebook som ikkje alle har tilgang til.
    I staden lar dei seg korrigere og rettleie av debattredaktørar og liknande før meiningane kjem på trykk. Det hadde vore ei lukke.

Innvandring

  • Mitt parti gjer ein innsats for å kartlegge problem og foreslår ekte løysingar
  • Dei ser til at ingen bur i landet i 11 år utan å få opphald. Ingen fortener å stå på vent så lenge.
  • Dei sender ikkje halve familiar på hovudet ut av landet etter å ha budd her i meir enn 5 år. Offentleg igangsette skilsmisser er dei sterkt imot.
  • Samtidig les dei boka «To søstre» av Åsne Seierstad i tilfelle dei kan lære noko der.

Familie

  • Mitt parti tar initiativ til å spandere ei samlivshelg for alle par som har barn på over 1 år. Dei er overtydd om at det kan spare samfunnet for millionar. Der skal det vere undervisning, håp og romantikk.
  • Dei skal arrangere kurs for familiar med bonusbarn då dei veit at dette kan vere problematisk og er eit tabu som bør prioriterast.

Mitt parti blomstrar, og samarbeider om å få eit bra styre i staden for å vinne alle sine kampar. Bystyret i Bergen er eit godt eksempel på at dette er mogeleg. Mitt parti er orange (blanding av gult og raudt) med litt grønt i kantane.

Eg skulle ønske partiet mitt eksisterte…

 

 

%d bloggers like this: