Vi har alle eit val

  • Vi kan velje mellom det gode og det vonde.
  • Vi kan velje dei som tidvis er dårlege debattantar, men som heller legg vekt på å ikkje sortere bort folk.
  • Vi kan velje dei som vel å sende ut SMS om kven vi må velje.
  • Vi kan velje dei som er opne om kva skader alkohol kan gjere eller vi kan velje dei som synest folk må få velje.
  • Vi kan velje dei som kanskje høyrer på konsulentar og sluttar å le på debattar, eller vi kan velje dei som helst vil vere seg sjølv.
  • Vi kan velje dei som lar ideelle organisasjonar få drive rusomsorg, eller vi kan velje dei som berre gir støtte til LAR-samfunn.
  • Vi kan velje å tru på Gud, Allah eller oss sjølve.
  • Vi kan velje å sykle el-sykkel sjølv om vi ikkje vel grønt. Vi kan faktisk drive med kjeldelesortering og likevel ikkje stemme grønt.
  • Vi kan velje å sitje i sofaen og ikkje ane kva vi skal velje.
  • Vi kan velje utifrå ein debatt eller vi kan velje å gå litt djupare til verks.
  • Vi kan velje å skifte parti kvart 2. år eller vi kan velje å vere trufast, og heie på dei som gjer meir enn dei klarer å vise.
  • Vi kan velje å hate alt og alle, eller vi kan velje å gjere ein skilnad sjølv.
  • Vi kan velje å tru at alt er raudt blått, eller vi kan velje å sjå at små kan påverke store.
  • Vi kan velje å sjå på oss sjølv som ein del av eit land, eller som ein del av ei heil verd.
  • Vi kan velje om vi skal grine eller le medan vi ventar på eit spanande valresultat.
  • Uansett kva som skjer, håpar eg at dei fattige blir litt rikare, og dei rike vel å bli litt fattigare, men kanskje gladare.

Eg har stemt!

Brabantsedag i Heeze, Nederland august 2017
%d bloggers like this: