Elektronisk journaltilgang i aust og vest

Trygve Hillestad skriv i eit debattinnlegg i BT 14. nov 2017 at ingen bør godta at legevaktene og fastlegene ikke har tilgang til journalen din på sykehusene. Pasientane ligg ofte milevis framfor dei som utviklar løysingane og det er bra, det held presset oppe.

Helsenorge.no gir tilgang til sjukehusjournal for pasientar i vest og nord.

Helsenorge.no går så det susar. Problemet er at det susar minst på Austlandet. Pasientar i Helse Vest og i Helse Nord kan med få tastetrykk få tilgang til sine henvisningar og journaldokument via helsenorge.no.  Dette skjer ved at journaldata blir henta frå DIPS, eit journalsystem som 80 av sjukehusa i Norge brukar. Sjølv har eg både vore pasient og pårørande sidan dette blei innført. Ein revolusjon utan sidestykke, noko som pasientar i Helse Sør-Øst foreløpig ikkje kan nyte godt av. Det blir kanskje ikkje enklare når IT-folka blir pusta i nakken av Datatilsynet etter driftsutsetjing av tenester. Slikt har ofte ein lei tendens til å dempe engasjement og fokus, og ikkje minst kostar det pengar.

Unødig depressivt fokus på e-helse?
I slutten av oktober blei Ehin, ein av landets største e-helsekonferansar arrangert i Oslo. Eg var der ikkje sjølv, men høyrde rykter om eit noko depressivt fokus, då dei fleste norske førelesningane handla om tilhøva i aust. Der pasientane fortsatt har null kontroll. Der det går store mengder papir mellom sjukehus i same føretak, medan Helse Vest er på vei til å oppnå felles journal mellom sjukehusa. Foreløpig er dette i hovudsak tilrettelagt for legar og behandlarar, men det er berre det første skrittet.

Kan Kjernejournal nokon gong bli løysing på tilgangsproblematikk?
Helse Sør-Øst er tettast på den norske helsefaglege elektroniske makteliten, som i stor grad er plassert i Oslo. Dersom vi ser bort ifrå Nasjonal IKT som ligg i Bergen. Dei gjer sitt til at ikkje lasset tippar heilt over. Då er det lett å førestille seg at det er situasjonen i aust som får mest fokus og løysingar lett kan bli tilpassa dei.
Mitt inntrykk er nemleg at Direktoratet for e-helse er i full gang med å utvide innhaldet i Kjernejoural. Kanskje for å dempe problemet i aust? Dette er ein journal som både fastlege, legevakt, sjukehus og pasient har tilgang til. Det kan jo høyrast vakkert ut, men her er det mange MEN.  Det er svært få som brukar den. Det er ein ekstra plass å føre opplysningar, noko som foreløpig ikkje er lovpålagt. I ein travel kvardag blir ikkje dette gjort. I tillegg vil det koste store summar å få data automatisk over.

Tilgang for fastlegar til sjukehusjournal via helsenorge.no
For ei tid tilbake snakka eg med ein fastlege. Han ville gjerne ha tilgang til pasienten sin sjukehusjournal gjennom same system som der han fiksa reseptar. Nemleg helsenorge.no. E-resept er no innført i heile Norge. Eg har aldri gløymt møtet med denne fastlegen, og etter mi meining er dette ein glitrande idé.

Forslag til Direktoratet for e-helse:

  • Sjekk ut andre løysingar før de satar store ressursar på Kjernejournal.
  • Få på plass journaltilgang via helsenorge.no til pasientar på alle sjukehus, hos fastlegar og hos legevakter. Det burde i alle fall vere overkomeleg på sjukehus som brukar DIPS.
    Legar vil då sleppe å føre opplysningar fleire stader.  Blodprøvesvar er snart på veg inn, og då manglar det ikkje mykje på at legevaktslege og fastlege kan få eit visst innblikk i kva sjukehuset styrer med.
  • Pr. i dag er det mogeleg for pasienten å gi journaltilgang via helsenorge.no til pårørande og andre. Det burde vere ei smal sak å lage ei løysing der pasienten kan hake av for at fastlegen også kan få tilgang.
  • Så lenge fastlegane må betale innføring av nye system sjølv kunne det vore ein idé å finne ut kva av systema som er mest robust og starte med dette. Då kunne det vore eit spark bak til dei fastlegane som ser dei store fordelane med å ha tilgang til sjukehusa sin aktivitet.
  • «Ein innbyggjar- ein journal» ligg i framtida. I mellomtida treng vi noko som kan avhjelpe både helsepersonell og pasientar. Medan vi ventar på at Helse Midt skal teste ut felles journal mellom sjukehus og kommunehelsteneste, kunne spegling av journalopplysningar i helsenorge.no ha vore ei løysing.

I ei digitalisert verd er det trist at det ikkje er rift om å finne ut kva som skjer i Vest. Ein treng ikkje lenger ta ein fysisk tur for å få det til. Det vil vere fint om  dei som har fått i oppdrag å styre nasjonen i rett retning utforskar gode og velprøvde løysingar utover ringvei 3.

Vestlandet eksisterer, og vi deler meir enn gjerne litt optimisme.

%d bloggers like this: