Ut i kulda?

Det var mørkt ute og eg tok meg i å lengte etter jul allereie i slutten av november. Eg prøvde å tenne eit lys, men, veiken var dårleg, og eg måtte bruke fleire stikker. Røyken frå lyset tok meg momentant attende til barndommens strev med å tenne dårlege lys i snølyktene.

«Piken med svovelstikkene» er ei historie som alltid har rysta meg. Asketiske tendensar har eg diverre aldri hatt, så å vere både iskald og svolten var for meg den store skrekken.
Kanskje denne jenta kan bytast ut med noko anna i vårt norske samfunn?

Eg ser det på husa. Malinga heng og sleng. Solbleika gardinene er trekt for. TV-skjermen flimrande i eit dårleg opplyst rom. Eit fråflytta leikehus i ein hage som ber preg av ein gong å ha vore velstelt.
I slike hus kan det typisk bu ein skilt mann. Kanskje ein som slit med å få livet på stell igjen.
Eg grin inni meg kvar gong eg passerer eit slikt hus. Det er nok ikkje berre mannen som har det vondt. Ein familie har gått i knas.

Det kan vere mange grunnar til at det endar slik, men når det først har skjedd, er det ofte vanskeleg å rette opp. Så førebygging er kan vere avgjerande i denne samanheng som i alt anna.

Mannen og eg hadde ei dårleg helg for ei lita stund sidan. Stemninga var dyster heile helga, men takka vere diverse samlivskurs klarde vi å kome inn på rett spor igjen.  Innimellom er det nesten litt godt å kjenne på korleis vi slepp å ha det til vanleg. Mange går slik i lange tider før forholdet tar slutt. Eg får alltid ei trong til å dele gode råd når eg får eit glimt av kor vondt det kan kjennast.

Nokre tips du kan prøve for å unngå at du blir gåande ute i mørkret og sjå inn på alle som kosar seg saman med familien:

Til mannen:

  • Prøv å finne ut kva kvinna di set ekstra stor pris på. Spør henne dersom du ikkje er mann til  å finne det ut sjølv: Fysisk nærleik, anerkjennande ord, gåver, tenester, tid. Dersom det blir for lite av den biten som betyr ekstra mykje, kan du risikere at ho kryp inn i seg sjølv som eit piggsvin. Då kan det vere smart å vite kva som skal til for å få henne til å senke piggane.
    Dersom du spør kva som er galt og ho svarer «ingenting», må du ikkje tru det, men heller fortsetje med det du trur hjelper.
  • Dersom ho har eit problem på jobben eller noko kan det vere lurt å ikkje sei kva ho skal gjere. Du treng ofte berre å lytte til henne. Dei fleste kvinner veit godt kva løysinga er, men treng berre å snakke høgt slik at det blir litt tydlegare.
  • Ta kvinna di med på eit samlivskurs, det kan aldri bli feil.
  • Notér i din eigen kalender kva tid partnaren din får PMS dersom ho er plaga med dette. Hugs at du må gje ekstra merksemd desse dagane. Det kan spare deg for mykje trøbbel. Dersom ho er typen som blir aggressiv, må du aldri spørje om ho har PMS. Det kan koste deg dyrt. Gi heller ein ekstra klem og vis henne at du er glad i henne. Sjølv om du ikkje føler for å klemme på eit monster.
  • Ikkje tafs på andre damer, då kan du få sparken både på jobb og heime.
  • Tenk:» Kva kan eg gjere for henne?» i staden for: «Kva kan ho gjere for meg»?

Til kvinna:

  • Dei færraste menn er tankelesarar. Dersom du er sur og lei og han spør kva som er vi veien, så prøv å setje ord på det, sjølv om du ikkje er heilt sikker sjølv.
  • Lat deg aldri freiste til å snakke nedlatande om mannen din til andre. Uansett til kven. Det vil ikkje gjere at du elskar han meir, kanskje heller litt mindre.
  • Du kan aldri endre mannen din. Prøv å ta ansvar for det du kan endre sjølv.
  • Dersom du vil glede han litt ekstra kan du jo vurdere å ta ut bosset før det renn over. Sjølv om du synest det er plass til ein god del meir. Jojo, den var til meg.
  • Dersom du er ekstra sint inni deg for du må gjere så stor del av husarbeidet: Tenk etter om det er mest hormonell irritasjon. I staden for å slenge med kjeften, kan det vere betre å diskutere saka ein gong du er blid, og høyre om han kan ta over ei oppgåve.
  • Tenk: «Kva kan eg gjere for han?» i staden for: «Kva kan han gjere for meg»?

Spørsmål til diskusjon til begge (henta frå Jeanette og Albert Jupe – å bli ett):

  • Trekkjer du deg inn i eit skal og blir stille?
  • Surmuler du?
  • Prøver du å presse gjennom din eigen vilje?
  • Rettferdiggjer du deg sjølv?
  • Blokkerer du kommunikasjonen ved å kome med «du-utsagn»?
  • Hevar du stemma?
  • Misser du fatninga og blir hissig?
  • Går du ut av rommet?
  • Prøver du å forstå den andre?
  • Ventar du til partnaren din har roa seg ned?
  • Legg du vinn på vere kjærleg?
  • Prøver du å finne ei løysing?

Svaralternativa er: Aldri, sjeldan, av og til, ofte og alltid.

Vær så snill til alle par: Ikkje gi opp før alt er  prøvd.

 

%d bloggers like this: