Nisse-bil

Kvelden var kald, isete og mørk. Ein rask tur på IKEA for å kjøpe ei billig hylle pluss pluss.
Etter å ha gått heile runden på ca 2,0 km var både ungane og eg rimeleg klare for å kome oss heim.
Luka på bagasjerommet skulle opnast – fort. Dette er ein bil med ein knapp på toppen som skal trykkast på.
Når ingenting skjer, seier mitt naturinstinkt at eg må dra litt i handtaket. Men alt naturleg er ikkje alltid helsebringande.
Før eg fekk sukk for meg sto eg med ein handlepose i eine handa og eit handtak tilkopla skumle ledningar i den andre.
Slik blei eg ståande ei stund for å klare å forstå kva som hadde skjedd.
Ein snill fyr som køyrde handlevogner fekk handtaket til å henge til bilen blei tapa saman av ein smånøygd mann i heimen. Sjå bilete.

IKEA-turen kosta meg 2500,- i tillegg til det eg hadde kjøpt. Då verkstaden ringde deleforhandlaren, trengdest det ikkje mange utfyllande ord. Dette var visst heilt NORMALT på desse bilane.

Om det skulle vere andre eigarar av ein Nissan Qashqai, som er like impulsive som meg, kan det vere greitt å vite at dersom bakluka ikkje sprett opp med det same, er det berre til å lirke varene inn ein annan veg.
Vestlandet er jo ikkje akkurat fritt for dagar då ting risikerer å fryse fast på grunn av høg vassføring og skiftande skydekke.
Gaffatapen ligg i bilen enno, kan jo hende eg gløymer meg.

Ærleg tala hadde ikkje Nissan-bilen trengt å oppføre seg som ein nisse for å få meg i julestemning.

 

  • Lars Kallevik

    Øygunn då…… Like impulsiv som alltid. Kjedelig er du iallefall ikkje!

%d bloggers like this: