Handbrekk til jul

Mannen velta tilfeldigvis det ferdigpynta juletreet 21. desember, då han skulle hjelpe meg med å plassere ein duk under det. Det oppsto ei kortvarig usemje og eg fekk lirt av meg at det var altfor mykje både å gjere og å tenkje på før jul. Den mest gjenlevande  juletradisjonen er kanskje at det toppar seg litt før jul?

Eg hadde ingen grunn til å klage, men grein likevel:

  • Over nokon som må feire jul utan sin eller sine kjære for første gong. Der sorga blir maksimert og samtidig prøvd å skjult under påklistra smil og glitter.
  • Over dei som er einsame og som vi får enda mindre tid til i jula.
  • Over flyktningar som frys i Hellas utan at eg løftar ei hand, medan loftet flyt over av umoderne tepper som fortsatt gir varme.
  • Over nordmenn som høyrer julesongar som ei slags oppvarming til klimaks med timar med opning av gåver.
  • Over ungar som kvir seg til jul på grunn av vald eller overflod av alkohol.
  • Over søsken som må feire jul kvar for seg fordi dei har hamna i ulike fosterheimar.
  • Over dei som ligg på sjukehus og ventar på døden og over dei som blir igjen.
  • Over dei som må operarast i jula. Kanskje på eit sjukehus der øyrer og augo snart blir behandla på same avdeling.
  • Over dei som krasjar i ein tunnell rett før jul og ingen veit korleis det endar.
  • Over dei som er deprimerte, psykotiske eller hoppar utfor ei bru.
  • Over uroa i politikken, der nokon ikkje kan oppføre seg og fylla får skulda.
  • Over dei som bli gravid og ikkje hadde tenkt det, eller dei som hadde tenkt det, men ikkje bli gravid.
  • Over posten om ikkje leverer, i alle fall ikkje til rett adresse.
  • Over narkomane og uteliggjarar som snart blir usynlege att, når jula er over, og vi er lei av å vere snille.
  • Over vestlendingar som sutrar over snøfri julestemning i mangel på noko betre å engste seg for.

Dagen etter knakk eg eit lite bein i høgre handledd. Det var nesten til pass. Eg skal aldri meir klage på at det er for mykje å gjere. Det er langt verre å ikkje kunne hjelpe til med det vesle eg kan. Eg kjenner meg så uendeleg takksam som både har mann, ungar, stor familie, jobb, varmt hus, god mat, hund, høner, grei helse og ingen i nær familie som har kreft akkurat no.

Dette har eg tenkt å nyte, så kanskje eg får ha handbrekket på såpass lenge at eg er klar til å gjere ein innsats til neste år. Det gir meg i alle fall litt tid til å tenkje på kva som er viktig her i livet. Og at jula faktisk handlar aller mest om Gud og Jesus og sånt.

Fredfull jul til alle!

%d bloggers like this: