Å velje si eiga mor

Eg var ganske vaksen før det gjekk opp for meg at Jesus ikkje starta sin eksistens ved fødselen. Han har alltid vore der, men tok bustad mellom oss som eit lite, uskuldig menneskebarn.

Litt av Jesus si bøn i Getsemane før han blir krossfesta:
Så lat no herlegdom lysa om meg, Far, den herlegdom eg hadde hos deg før verda vart til.

Jesus er jo eitt med Gud og Den heilage ande. I følge Bibelen er eit ektepar også eitt. Men, dei er to sjølvstendige individ. Kanskje Gud, Jesus og Den heilage ande fungerer på same vis? Dei opererer saman, men er likevel ulike?

Når Jesus alltid har eksistert kan det vel innebere at Han var med på å velje si eiga mor?

Det interessante er at Han valde Maria:

  • Ho kom frå ein fattig familie.
  • Ho kom frå Nasaret som ligg i Galilea.  Menneska her blei sett på med skepsis, då dei var etterkomarar etter framande; jødar som i si tid blei forvist frå Babylon. Kanskje Maria blei sett på slik mange ser på innvandrarar i Norge? Galil-ha-goyim er det fullstendige namnet på området. Det tyder «hedningane sitt område».
  • Ho blei gravid utan å vere gift, noko som kunne medføre steining.
  • Ho var ung og lite erfaren.

Jesus valgte altså ei ung, fattig innvandrarjente som si mor. Frå ei slekt som attpå til blei sett ned på.

Kvifor ikkje kongen eller prestane?

Jesus var sikkert også med på å bestemme kven som skulle æra av å ta imot gledesbodskapen først. Dei (Gud, Jesus og Den heilage ande) landa på nokre skarve gjetarar. Dei var sikkert ikkje særleg religiøse der dei flakka rundt med dyra sine. Dei fekk nok heller ikkje mykje høve til å gå i kyrkja for å møte Gud. Men, dei fekk altså eit heilt spesielt møte der ute på marka.

Håp for 2018:

  • At vi må sjå menneske slik Jesus ser dei. Spesielt dei som både truande og mindre truande ofte ser ned på.
  • At vi må sjå individet framfor å generalisere.
  • At vi må tenkje lenger enn vår eigen nasetipp.
  • At vi må snakke meir med kvarandre enn om kvarandre.
  • At vi må vere meir opptekne av å gi ros enn å få ros.
  • At vi må hugse å be for dei som styrer landet, uansett kva parti dei tilhøyrer.
  • At vi går saman for å minke plastbruken.
  • At styresmaktene får tilsett tilstrekkeleg jod i saltet.
  • At mobilen rykkjer ned på 2. plass i livet vårt. Det kunne jo ha vore ein start.
  • At vi må setje medkjensle ut i praktisk handling.

Godt nytt år til alle!

%d bloggers like this: