Ein ny vestleg vår?

Altomlitt.no er betrudd av ei sikker kjelde nær Arbeiderpartiet, at det har vore ein uttalt maktkamp i partiet heilt sidan Reiulf Steen og Gro Harlem styrte på sitt verste. At skadelege, ubalanserte seksuelle tilnærmingar har vore godtatt som ein del av denne kulturen, er det vel få som har tvilt på. Det nye i Giske-saka er at ein større flokk ikkje lenger er interessert i å teie.
Varslarane
har eg stor respekt for. Det er ein personleg risiko å ta, og eg heiar på alle som prøver å skape ein revolusjon rundt synet på maktmisbruk, trakassering og dårlig dømmekraft. Måtte slik oppførsel bli sett på med like stor vantru som ein inne-røykjar etter røykelova.

Det har vore for mykje kongemingling og andre sossefakter til at eg nokon gong har hatt respekt for Giske. Ei tid såg det ut som han sikta seg inn på det svenske kongehuset, og der ville han kanskje ha passa nokolunde inn.

Støre har ofte gitt inntrykk av å kunne trivast betre i Høgre enn i Arbeiderpartiet. Som helseminister var det lite aktiv lytting til grasrota.

Høie derimot ser ut til å vere ei sjel som er opptatt av tradisjonelle, sosialistiske prinsipp. Han har gjort ein respektabel jobb som helseminister og er ein politikar som er opptatt av å få ting gjort utan å blafre rundt i media. Kva gjer han i Høgre når Arbeiderpartiet kunne ha trengt han?
Det interessante er også kvifor nettopp Høgre med sine allierte sit så musestille utan forsøk på å utnytte situasjonen. Det undrar meg ikkje om det kjem nokre svin vaklande ut ifrå Høgre-skogen også.

Dei sikre kjeldene som media viser til, vil kanskje ikkje vere særleg sikre å ha med seg på  lukka møter i framtida. Ikkje utan at dette er informasjon som Støre tilfeldigvis «vil» at skal lekke ut. Det er vel heller lite truleg sidan lekkasjane ser ut til å kome frå begge sider. Etter mitt syn er det oppsiktsvekkjande med ein såpass omfattande illojalitet. Men, det kan signalisere at troppene stolar på at media er betre skikka til å handtere saka enn eiga partileiing. Det er kanskje ikkje så rart sidan Støre såg ut til å verne om Giske i første omgang. Heile situasjonen osar av vaklande grunnlag for vidare politisk autoritet.

La partileiing, Giske og varslarane få litt pusterom
Kanskje media kan finne meir fruktbart stoff å bruke dyrebar tid på, slik at saka kan bli handsama i fred? Konklusjonen skal eg lese med stor interesse, men no blir eg lokka inn i gjentekne lesarfeller. Det er alltid freistande å lese om kongars fall, men det blir  ikkje rettare av den grunn.
Med fare for å trakke både seg sjølv og andre på tærne kunne overdriven alkoholbruk i det offentlege til dømes vere eit passande tema. Kor mykje seksuell trakassering kunne vi vore spart for dersom det offentlege ikkje var så spandable med dråpane?

Harald Schjelderup
, byrådsleiar i Bergen, fortonar seg som ein stødig, tillitvekkjande og erfaren politikar, med gode samarbeidsevner.  Dette er ein av dei få profilerte arbeidarpartipolitikarar som opptrer som ein ekte sosialist. Kanskje Bergen må ofre han for å få kontroll i Løvebakken?

Ein vestleg vår? 
Truleg handlar denne saka verken om Giske eller Arbeidarpartiet, men om ein ny vestleg vår. Vi kan ane eit gryande opprør mot seksualisert makt i vårt demokratiske samfunn. Det er ei stor glede å sjå at ingen samfunnslag slepp unna. Først då er det mogeleg å få til ei varig endring i folks tankesett.

Lykke til i Arbeiderpartiet, vi treng ein truverdig motstandar til høgresida!

%d bloggers like this: