Vi blir alvorleg sjuke av jodmangel, men kven bryr seg?

I redsle for å overdosere folket med jod, har norske styresmakter sete på gjerdet og drukke melk sidan 90-talet. Vi risikerer dermed at ein heil generasjon blir utsett for ulike stoffskiftesjukdomar, barn med utviklingshemming og det som verre er. Situasjonen er mest dramatisk for kvinner i fertil alder, gravide og ammande. WHO har ropt varsku for mange år sidan. Resten av Norden har vore mindre handlingslamma, og har tilsett meir jod i salt eller i brød. Vi får stadig høyre om kor mange farlege stoff vi omgir oss med, men det er lite kjent at tilstrekkeleg med jod kan gi eit visst vern mot miljøskadar. Då vi var små fekk vi beskjed om å ete fisk, så vi ikkje skulle få struma. Førebygging kan virke kjedeleg, men kan spare deg for store plager resten av livet. Skal vi leggje alt ansvaret for eit så livsviktig mineral på ernæringsfysiologar og dei som driv med alternativ medisin? Kunnskapen om betydninga av jod ser ut til å ha dunsta bort både hos legar og folk flest. Det er på tide å ta joden tilbake. 

På eit vis starta det for 20 år sidan. Ein heilt vanleg dag på Hudavdelinga der eg jobba. Avdelingsoverlegen avdekka at eg hadde struma. Midt på ein previsitt. Eg var 28 år.  Det einaste eg klarde å tenkje på den dagen var at eg kom til å få utståande augo. Det var det eg assosierte med struma.  Denne dagen blei skiljet mellom før og etter for mitt liv. 13. januar 1997 blei eg operert for kreft i skjoldbruskkjertelen. Det positive var at no kunne eg sove så mykje eg ville, då eg hadde vore unormalt trøtt i minst sju år. Eg blei aldri den same igjen. Syntetiske hormon som Levaxin gjer diverre ein dårlegare jobb enn kroppen.

Jod har eg aldri brydd meg noko særleg om. Ikkje meir enn at eg kjøpte ein pakke salt med jod for ei tid tilbake, då eg  hadde fått med meg at vi manglar jod.
Ein dag eg skulle bake brød,  tok eg til å studere dei to saltboksane eg hadde i skapet; Havsalt og Ozo-salt med jod. Eg blei litt betenkt sidan vi utelukkande har brukt havsalt i mange år.
Dette var i slutten av oktober 2017. Ballen tok til å rulle. Kvar gong eg prøver å stoppe, rullar den vidare. Eg klarer ikkje å slutte. Jod ser ut til å vere meir essensielt enn eg nokon gong har drøymt om.

I følgje ein rapport frå Nasjonalt råd for ernæring, Risiko for jodmangel i Norge, er NORGE ER EIT AV NI LAND I EUROPA DER DET ER GODE GRUNNAR TIL Å TRU AT DET ER EIN GENERELL JODMANGEL I BEFOLKNINGA.
Vi er i same selskap som Albania, Belgia, Tsjekkia, Hellas, Israel, Portugal, Romania og Serbia. Rapporten kom ut i 2016. Dette er snart to år sidan, utan at alarmen har gått så grundig at folk har oppfatta det.

Eg saknar ein lege blant dei som har laga grunnlaget for  rapporten.  Gruppa har bestått av ein sjukepleiar, resten ernæringsfysiologar. For å få eit vidare perspektiv burde det kanskje ha vore både legar og miljøingeniørar med i ei så viktig arbeidsgruppe. Det kan sjå ut som dei som forskar på dette temaet er ei smal gruppe. Og det er kanskje mange av dei same som har gitt råd til styresmaktene gong etter gong, utan at legar med sjukdomsfokus har vore meir inkludert.
Men, det er kanskje berre eg som tenkjer slik?

Aller mest kritisk for norske foster og nyfødde

  • Mor-barn undersøkinga har avdekka at det står urovekkjande dårleg til med jodtilstanden i Norge.
  • Foster treng jod for å utvikle hjernen – jodmangel kan føre til utviklingshemming og lav IQ.
  • Det hjelper mest sannsynleg ikkje å auke inntaket av jod når du blir gravid. Du må begynne i god tid slik at kroppen er klar.
  • Unge jenter er spesielt utsett fordi gjennomsnittet et lite fisk og drikk lite melk.

Jodmangel kan føre til både lavt og høgt stoffskifte
Jodmangel er på verdsbasis den største årsaka til struma, som igjen er teikn på lavt eller høgt stoffskifte. Eg har innhenta tal frå Steinar Madsen, medisinsk fagdirektør i Legemiddelverket, på kor mange pasientar som brukar medisin for stoffskifteplager.
Sidan 2004 har talet på personar som brukar medisin mot lavt stoffskifte auka frå 137.409 til 207.013. Dette utgjer ein auke på 51%. Auken er på 48% for høgt stoffskifte. Auken kan kanskje gje eit lite signal om at noko er galt?
I tillegg veit eg at det er mange som ikkje får henvisning til spesialist for å vurdere behandling. Dette er rekna som ei oppgåve for fastlegane. I tillegg vil dei fleste ha symptom på lavt stoffskifte lenge før det viser på blodprøvar, då skjoldbruskkjertelene prøver å kompensere med å jobbe hardare. Det er dette som kan gi struma.

I ein blodfersk artikkel i Tidskriftet, den norske legeforening blei det konkludert med at ein stor andel med personar hadde stoffskiftesjukdom utan å vere klare over det eller ha starta behandling.

Lavt stoffskifte kan av og til behandlast med jod
Eit høgdepunkt i mi jodetterforsking, var då eg klarde å sondere meg fram  til medisinskfagleg ansvarleg for vurdering av jodprøvar ved Oslo Universitetssykehus.
Dette hormonlaboratoriet er det einaste laboratoriet som vurderer urinprøvar for jodinnhald i Oslo.
Han gir råd til legar som har pasientar som får påvist jodmangel.
Lavt stoffskifte der anti-TPH er negativt kan i følge han behandlast med jod.
Dei anbefaler då to tablettar med multivitamin dagleg. Dvs ein dagsdose på 300 µg. Det er den første legen eg har klart å oppdrive som tilrår jodbehandling som førsteval.

Laboratoriet finn mange pasientar som manglar jod, men dei får flest prøvar tilsendt frå pasientar som går på spesiell kost.
Det mest urovekkjande etter mi meining er at det ikkje er så mange andre legar som tenkjer at jod i urin kan vere ein nyttig prøve å ta.

Symptom på jodmangel

Konsekvensar av jodmangel

Diskuterte konsekvensar 

Bruk av ulike medisiner kan påverke jodopptaket
Lithium er eit dei mest foretrukne preparata i behandling av bipolar liding. Mellom 40%-50% kan utvikle struma ved bruk av denne medisinen. Dette gjeld spesielt kvinner i godt vaksen alder og personar som bur i område med jodmangel.
Ein artikkel frå Medcape påpeikar viktigheten av å overvake jodstatus i urin. Blir dette gjort? Eg har mine tvil.

Jod blir ikkje pusha på legane
Jod er eit naturleg mineral som ingen kan ta patent på. Dette er kanskje ein av grunnane til at legar ikkje kan noko særleg om det. Ingen legemiddelfirma pushar stoffet.

I 2007 kom WHO med ei tilråding om å tilsetje jod i saltet. I tillegg var det viktig å overvake jodopptaket i befolkninga. Kva skjedde?

VI FEKK BESKJED OM Å DRIKKE MEIR MELK OG Å ETE FISK

Og det er fortsatt hovudbodskapen.

Gjer vi det?
Trenden er at vi drikk mindre melk enn nokon gong.
Unge jenter og folk som er mørk i huda er spesielt utsett.

Hjelper det å drikke melk?
Ikkje nok. Tine varsla styresmaktene i 2012 om at melka inneheld 40% mindre jod enn i 2000.
Dette på grunn av at fôret til dyra er endra. Dei et meir raps, noko ser ut til å medføre at meir jod blir utskilt i urinen i staden for i melka.

Jodinnhaldet har også gått ned  i egga.

MEN, DU ET MYKJE FISK SEIER DU?
Du må ete fisk kvar dag dersom det skal vere tilstrekkeleg. Dessutan kan fisken vere forureina med diverse tungmetall, som også ser ut til å konkurrere med jodopptaket.
Det er den kvite fisken; sei og torsk som inneheld mest jod. Men, du et laks? Synd. Der finn du minimalt med jod.

Kan flammehemmande stoff kan hindre opptak av jod?
I følgje ein miljøingeniør ved Svanemerket er forureining med flammehemmande stoff eit aukande problem. Dette er stoff som hopar seg opp i fisk og natur og har svært lang halveringstid. Det er funne auka mengder av til dømes brom i blodet hos menneske. I følgje Svanemerket er Storbritannia spesielt dårleg på å ta grep rundt miljøforureining. Dei brukar store mengder med flammehemmande stoff, som kjem sigande til oss via sjøvegen.

Skadelege flammehemmande stoff blir fortsatt brukt i Norge. Til dømes i møblar, madrassar, elektronikk mm. I 2004 blei det funne bromerte flammehemmarar i Mjøsa. I Sverige blei dei verste flammehemmande stoffa forbode allereie i 1990.

Sjølv om norske ernæringsfysiologar eg har snakka med verken kjenner til kreftfare eller påverking av miljøskadelege stoff, er det ikkje dermed sagt at det ikkje er ein faktor som burde vore forska meir på. Kan jod førebyggje skader vi pådreg oss via miljøforureining slik Lynn Farrow  påstår i boka The Iodene Crisis? Det kan uansett ikkje skade å ha tilstrekkeleg jod i kroppen i tilfelle det skulle vere noko i det.

Du er sikra jod gjennom saltet, seier du? Då har du blitt lurt.
Noreg: 5 mg/kg salt
Danmark: 13 mg/kg
Sverige: 50 mg / kg
Ukraina: 40 mg/kg

På pakken frå Jozo står det at du får i deg 7% av dagsinntaket i 1g salt. Sverige har høyrt på WHO sine råd om å tilsetje meir jod i saltet.

Du har prøvd jodkalkulator.no – så fint, men den er ubrukeleg
Eg testa den og haka av for at eg prøvde å bli gravid. I tillegg haka eg av for det dårlegaste jod-alternativet på alle spørsmåla. Her er svaret:

Antakeleg vis? Meir melk og fisk? Kva med eit resultat som seier: Du må ta jod-tilskot. Med ein gong, spring på apoteket.
Og eit av spørsmåla er om eg brukar salt med jod i? Ingen eg har diskutert med har fått med seg kor lite jod det norske saltet inneheld.

Anbefalt inntak (Helsedirektoratet)

  • Barn 6-11 mnd: 50 µg/dag
  • Barn 12-23 mnd: 70 µg/dag
  • Barn 2-5 år: 90 µg/dag
  • 6-9 år: 120 µg/dag
  • Ungdom frå 10 år og vaksne: 150 µg/dag
  • Gravide: 175 µg/dag
  • Kvinner i ammeperioden: 200 µg/dag

Kva med for mykje jod?
Store mengder med jod kan også gi struma, så det er viktig at styresmaktene gjer ei måling før og etter ei jodberiking. Så det er kanskje på tide å starte målinga?
Australia og Danmark har tilsett jod i brødet og har hatt eit svært opplegg med å finne ein status før og etter. Å tilsetje jod i brøda noko som ser ut til å vere meir effektivt enn å berike bordsaltet, då denne joden lettare kan dunste bort.
Dessuten er jo saltbruken med fordel på vei ned.

Selen kan sjå ut til å forebygge overdosering med jod der dette av ulike årsaker blir tatt i store mengder.

Ein ernæringsfysiolog eg snakka med var bekymra for veganarar som tok jodtilskot (taremjøl o.l.) som er vel sterkt. Men, det er vel ein av konsekvensane når det ikkje blir gitt andre anbefalingar enn å ete mat som desse ikkje har på sin meny.
Med tanke på kor mykje jod japanesarar konsumerer i løpet av ein dag er det kanskje sjanse for at det er mogeleg å leve godt med mykje enn lite jod.

Kva med folk som ikkje er opptatt av helse?
Det hastar med å få tilsett jod i salt eller i brød. Dei med lavast utdanning har naturleg størst fare for å ikkje få i seg nok jod. Det treng ein ikkje forske på for å forstå.
Alle fastlegar burde informere om jod. Spesielt til dei som prøver å blir gravide, har symptom på jodmangel eller har symptom på stoffskiftesjukdom der blodprøvane viser at alt er normalt.

Utdanning
Etter å ha diskutert jodproblematikken med mange legar, inkludert endokrionlogar, er mitt inntrykk at dei har overlate jod til spesielt interesserte. Dei er kanskje glad for at ernæringsfysiologane tar seg av eit så kjeldeleg tema? Næring er ofte nok ein MÅ gjennom i studiet, men det er kanskje fordi det ikkje blir kopla tettare til sjukdomslæra?
Eg har studert litt på læringssmåla for medisinerstudentane. Det kan tyde på at det er lite som kjem fram til den gruppa. Eg kan ikkje hugsa at eg lære noko særleg om jod som sjukepleiarstudent heller.

Det Medisinske fakultet sine læringsmål

Fire gonger fleire får kreft i skjoldbruskkjertelen no enn på slutten av 50-talet. Då er det kanskje ikkje så sjeldan lenger. Frå 365 på fem år til 1850 på fem år. Eg håpar studentane lærer at stoffskifteprøvane kan sjå fine ut sjølv om det er kreft i kjertelen. Mine blodprøvar var heilt perfekte.

Tal innhenta frå Kreftregisteret

Konklusjon
Ekspertane har talt. Vi har risiko for jodmangel. Spørsmålet er korleis vi skal forhalde oss medan vi ventar på at styresmaktene skal hoppe ned frå gjerdet. Vi vil fortsetje å få i oss for lite jod utan å måtte gjere noko aktivt for å oppnå det. Det er aller mest kritisk for dei som ikkje er opptatt av helse og ikkje klarer å gjere ein eigeninnsats. Dei svakaste tapar som vanleg.
Styresmaktene kjem kanskje ikkje til å seie at du bør ta jodtilskot. Det er for kontroversielt og kan gi inntrykk av at dei har gjort ein dårleg jobb. Det skulle jo ha vore gjort tiltak for mange år sidan.
Men, eg treng heldigvis ikkje å ta omsyn til slike føringar. Vi får gjere så godt vi kan for å halde oss friske utan for mykje tapt hjernemasse. Eg unner ingen å måtte ta Levaxin resten av livet dersom det kanskje kan vere mogeleg å unngå.
I denne artikkelen har eg prøvd å få med meg flest mogelege faktorar, sidan dette er eit tema med mange fasettar som ofte blir omtala paralellt, men som ikkje blir samanfatta.
Forsking på jod vil nok ikkje bli sponsa av noko legemiddelfirma, men det burde vere eit prioritert området for meir enn ernæringfysiologar.

MINE ENKLE RÅD

  • Kjøp multivitamin med jod. Dersom du får i deg lite fiskeprodukt eller drikk lite melk: Ta ein tablett med jod dagleg. Nycomed har til dømes dette.
  • Selen er eit stoff som bør kombinerast med jod.
  • Jod kan målast i døgnurin. Framgangsmåte ser du her.
  • Dersom du har teikn på lavt stoffskifte; Trøttleik, gløymsk, tørr hud, sterke menstruasjonsblødningar mm. Be legen om å sjekke stoffskiftet. Spesielt dersom du er kvinne, røykjer og over 40 år.
    Dersom anti-TPO er negativ bør du sjekke jodinnhald i urin før du startar med Levaxin.
  • Mat som inneheld jod: Jodberika salt frå Sverige (ta med deg litt over grensa), svisker, brunost (du får heller tole sukkeret), fisk, melk, melkeprodukt, egg.

Vedlegg:

Kommunikasjon med Helsedirektoratet og Mattilsynet

HEi,

Her er svar på spørsmålene dine:

  • Gi kostanbefalinger om et totalt daglig inntak av melk/surmelk/yoghurt og fremme mager fisk som en viktig jodkilde.
    • Vi har presisert at mager fisk er en viktig jodkilde i våre kostanbefalinger på fisk, https://helsenorge.no/kosthold-og-ernaring/kostrad/spis-fisk-oftere og  presisert kostrådet om melk på våre nettsider. Vi sier at et daglig inntak av meieriprodukter kan for eksempel være ett glass lettmelk med 0,7 % fett eller mindre, en yoghurt med lavt sukker- og fettinnhold, og en brødskive med ost. https://helsenorge.no/sok?k=melk . Vi vil komme med flere eksempler for å illustrere hvordan man kan dekke behovet for kalsium og jod.

At kosttilskudd med jod anbefales til personer med lavt inntak av melk. Dette gjelder særlig kvinner i fruktbar alder, gravide, ammende og barn. Vi har tydelige råd når det gjelder kosttilskudd til de som utelater melk i kostholdet https://helsenorge.no/sok?k=melk

  • At myndighetene overvåker jodinntaket i ulike grupper av befolkningen, blant annet bør mengden jod i matvarer på det norske markedet analyseres regelmessig.  Universitetet i Oslo og Mattilsynet samarbeider om Matvaretabellen, og matvarene der oppdateres jevnlig.

Når det gjelder overvåkning så har ikke Norge dette som et eget nasjonalt program, men Folkehelseinstituttet og andre forskningsinstitusjoner (f.eks NIFES) har stort fokus på dette og det pågår en del forskning som ser på jod-status i deler av befolkningen.,

  • Berike salt med jod. Vi har anmodet  Mattilsynet  tidligere i år om å gi oppdrag til Vitenskapskomiteen for Mattrygghet som nå skal foreta en nytte/risikovurdering av å tilsette jod til salt i større omfang enn i dag. Vurderingen skal ta hensyn til utsatte grupper og også de som potensielt kan få for høyt inntak ved berikning.

Vennlig hilsen

Henriette Øien

Avdelingsdirektør

Divisjon folkehelse

Hei Øygunn,

Takk for din henvendelse.
Mattilsynet er i prosess med VKM om en nytte/risikovurdering av tilsetning av jod til salt. Tidsrammen for dette oppdraget er ikke fastsatt.

Mvh
Ellen Kielland
Mattilsynet, HK, seksjon merking og kvalitet

%d bloggers like this: