Over tre veker med samanhengande sol i Bergen krev omtale.
Det er viktig å ha noko å sjå attende på når det kjem harde tider.
Klokka var 20.3O og eg slepte med meg hunden som viste meir av tunga enn det eg vurderer som kledeleg. Ho bada nesten frivillig i elva.
Eg kunne kjenne sola varma, den regelrett steikte på skuldrene.
Musikk på øyret måtte vike for lukkeleg fuglesong.
Snøen var bytta ut med myrull som blafra stille i vinden.
Eg kom uforvarande over eit par ved elvebreidda. Nyforelska sikkert.
På toppen av den korte stien kunne eg studere bøndene sin aktivitet på jordet. Det gav ei viss trøyst ved tanken på at soldagane snart skulle kome til ein ende. Nokon har større trong for vatn enn andre.
Lilla blomar som ikkje kan plukkast. Eg har prøvd. Dei toler berre å bli beundra ute i det fri.
Kjerringrokk som vender seg sjølvsikkert mot sola utan å skamme seg over namnet.
Høymolen som trur den er vakker der den fortrengjer det meste av liv.
Blåklokkene som endeleg kom på at dei måtte bløme før regnet hindra dei. Eg anar forresten ikkje om eg har regnklede som fortsatt passar.
Syrinbusken som duftar som den skulle ha hatt betalt for det. Nokre av blomane var brune av sol og ikkje av regn.
Bringebær som knyt seg til for varsle at hausten ein gong kjem.
Prestegardsroser som har slått seg laus langt ifrå prestegarden.
Den første rosa har blømt og peonene breier seg utan kunnskap om korleis regn kan øydeleggje på kort tid.
Takk Gud for desse vekene. Det gjorde godt. Eg kjem til å lagre dei på botn av mitt hjarte.