Eg vel meg september


Sommaren kan slå feil på mange vis. Forventningane kan vera skyhøge, sjølv om eg har lært meg å temja dei. Det er betre å bli ekstra overraska over at det går bra. Vanlegvis legg eg ikkje band på meg når det gjeld å gle seg til noko som kan gå gale, men sommarferien er litt annleis.  Der kan uventa ting skje. Erfaringsmessig.
Det er lenge sidan eg innsåg at middagen gjer seg best innandørs uansett vêr. Då slepp ein å ha hylande flukt frå veps under måltidet. Det kan jo kanskje vera grunnen til at noko heiter fluktstol. Ikkje veit eg.
Eg kan minnast dei somrane vi ein og annan gong åt ute. Då var det meir enn naturleg at flygemaurane kom på si årlege vitjing akkurat denne dagen. Har aldri forstått meg på desse maurane, men dei likar tydelegvis stille, lumre dagar som vi andre slitarar.

Somrane kan innehalda små skuffelsar. Kanskje ikkje større enn at ein kan samanlikna det med å bomma stygt når ein skal kasta kaffifilteret i bosset. Men, likevel.
Det tar litt tid til å rydda opp noko som lett hadde kunne vore unngått med litt mindre optimisme.

Eg har høyrt at familiemedlemmer kan ha ulike forventningar til kva ein sommar skal innehalda. Nokon vil oppleva, andre vil jobba i hagen. Eksempelvis.

Det er lenge sidan eg innsåg at det ikkje er nyttig å tre inn i same bipolare sone som sommarvêret. Eg anar i grunn ikkje kvifor sommarferien ikkje har blitt flytta til før og etter juli. Eg kan ikkje hugsa sist det var dårleg vêr første veka i skuleåret. Hugsar derimot at det har vore litt dårleg vêr i juli. Eit og anna år.

Hausten derimot – den kan innehalde eit hav av håp og uhemma forventningar. Her har dei fleste betalt for at det kan enda dårleg. Hausten treng ikkje vera så perfekt. Den kan vi ta som den kjem.

Brått kan ein tenna lys som ein har hamstra inn på salg sist vinter. Som aldri blei brukt opp før lyset erobra stova både dag og natt.

Ein varm haustkveld kan lett føra til ekstase, fordi den kjem som ein ekstra bonus – den er ikkje nødevendigvis forventa.

Hegre Store Lungegårdsvann Bergen
Hegre som svevar over store Lungegårdsvann, Bergen august 2016

Om hausten kan ein risikera å møta ein hegre på veg til jobb, heilt uventa, ein stille morgon. Det kan lett skje at eg går over til A-menneske ei lita stund om hausten. Ei lukkeleg tid som sjeldan varer lenge. Som A-menneske er det kanskje større sjanse for å møta på hegrar på veg til jobb. Eg veit ikkje. Eg får følja litt med.

Eg kunne nok likt å ha vore hegre ein liten time. Då skulle eg ha svevd over sjøen ei god stund, kanskje ein halv time. Eg skulle ha soge inn sjøluft, som eg skulle ha levd på heile vinteren. Deretter skulle eg ha stira majestetisk ut over sjøen ei stund til ære for forbipasserande. Gjerne kombinert med å jakta på litt mat. Dønn i ro skulle eg ha sete, slik at galne kvinnfolk kunne ha tatt bileta av meg, utan å måtta snika seg innpå meg på ein offentleg og trafikkert gangveg. Det kunne eg ha vurdert som ei lita utstrakt venje, sidan det absolutt ikkje ser så lurt ut.

Etter å ha vore hegre ei stund, ville eg kanskje ha tenkt over kva eg skulle ha brukt hausten til. Om eg til dømes skulle ha endra taktikk ved å be for mine motstandarar i staden for å bli irritert på dei. Det kunne kanskje ha gitt meg same kjensla av fred, som ein hegre ser ut til å ha ein tidleg mandags morgon. Med rak rygg, som ingenting skulle ha skjedd.

 

Store Lungegårdsvann Bergen
Store Lungegårdsvann Bergen august 2016