Død eller levande

Sjølvransakinga blir ofte meir nærgåande  når nokon på min eigen alder døyr heilt uventa. Eg mista ein god nabo. Ikkje det at eg snakka så ofte med han, men han var no der. Smila vår møttes når vi og hundane passerte kvarandre. Sist sa han at han gjerne ville ta seg ein tur innom og kjøpe egg. Det er ikkje så lenge sidan, men lenge nok. Han kom aldri så langt. Ein kan jo tenkje at det er ein liten ting, men det hadde vore eit fint høve til å slå av ein prat. Gjerne om livet. Og om døden.
Det kunne ha vore meg, ja, kven som helst.

Før eg døyr vil eg gjerne ha visse saker på plass:

Eg vil tenkje gjennom kva som kan vente etter døden. Bør eg stole på Allah, Jesus, nissen, englar, påfuglar, grøne menn, eller vil eg gå for at det ikkje finnest noko etterpå? Eg vil i alle fall tenkje gjennom det, slik at eg ikkje berre bikkar over utan å ha tatt standpunkt. Skulle eg få eit kakk i hovudet vil eg gjerne vere trygg på at eg på førehand har tatt eit gjennomtenkt val. Dersom eg får veldig god tid kan det hende eg vil laga ei grundig risikovurdering.

Alle mine fiendar vil eg prøve å gjere opp med, det skal i alle fall ikkje stå på meg. Om det så skulle vere nokon i familien.

Eg vil prøve å skape gode minner for ungane, og kanskje ikkje det viktigaste er å ha eit ryddig hus.

Eg vil invitere fleire vener og uvener. Kanskje dei ikkje er så opptekne av at alt skal framstå som perfekt?

Så lenge eg kan gå under tak innan rimeleg tid vil eg prøve å ikkje hisse meg på vêret.

I staden for å klage på dei dårlege dagane vil eg heller takke meir for dei gode. Skulle det kome ein fin haustdag, vil eg konsentrere meg om å bite i meg følgjande setning: «Det skulle berre mangle, sommaren var jo så dårleg». Det kunne jo vere den siste.

Dersom eg skulle bli litt eldre, kan det hende eg vil vurdere å sitere farmor, som aldri tok livet for gitt. Ho svarte alltid: «Hvis eg lever og har helsa». På eit vis gjorde ho rett. Hjartet hennar stoppa også brått ein dag, heilt utan noko varsel.