Rein og skjær angst

For Jesus handla kanskje påska om angst. Det er nemnt to gonger i Bibelen at Jesus hadde angst. Første gong på palmesøndag. Neste gong på skjærtorsdag, fire dagar etterpå.

Eg har ikkje tenkt så mykje på det før, men Jesus må ha kjent på angst heile livet. Han visste jo kva som venta. Men, mesteparten av tida var han opptatt av å trøysta andre. «Frykt ikkje» er eit hyppig sitat frå hans munn.

Den siste veka før han døydde blei nok angsten overveldande. Kanskje ikkje mest for å døy, men at han skulle opphalde seg frivillig i dødsriket nokre dagar.

Palmesøndag – litt angst

På palmesøndag klarde han kanskje fortsett å halde problemet på avstand? Skulle han liksom be Faderen om å sleppe? Nei, på ingen måte. Men, tanken hadde nok slått han nokre gonger sidan han nemnde det heilt utan vidare.

Joh 12.27

No er sjela mi fylt av angst. Men skal eg så seia: Far, frels meg frå denne timen? Nei, til denne timen skulle eg koma.

Skjærtorsdag – dødsangst

På skjærtorsdag er tonen litt annleis. Han er nok så full i skrekk og gru at han ikkje klarer å la vere å be om å sleppe.

Mark. 14.33

Så tok han med seg Peter , Jakob og Johannes. Han vart gripen av angst og gru og sa til dei «Mi sjel er sorgtyngd til døden. Ver her og vak!» Så gjekk eit stykke fram, kasta seg til jorda og bad at denne timen måtte gå han forbi, om det var råd. «Abba , Far»! sa han. «Alt er mogeleg for deg. Ta dette begeret frå meg! Men ikkje som eg vil, berre som du vil.» Markus 14. 41

Jesus er klar for å døy

Etter at han har snakka med Faderen medan læresveinane klarer å sovne tre gonger, er han klar og seier: «Timen er komen. Menneskesonen skal gjevast over i syndarhender. Stå opp, lat oss gå! Svikaren er nær.»

Eg er usikker på om vi kristne er like flinke til å sjå frykta i kvitauge. Vi kan ha ein tendens til frykte det som er framandt.

Forsøk på å forsvare Jesus med makt

Ein av læresveinane greip til sverdet og kutta det eine øyret av en soldat då dei kom for å hente Jesus. I staden for å prøve å kjempe imot, tok Jesus tid til å helbrede øyret.

Vi har kanskje litt å lære her?

I 1. Joh 4.18 står det:

Det finst ikkje frykt i kjærleiken. Den fullkome driv frykta ut. For frykta ber straffa i seg, og den som fryktar, har ikkje vorte fullenda i kjærleiken.

Min klare påskebodskap i år
Møt angst og frykt for dei som trur annleis enn oss slik Jesus gjorde. Sjølv då han var heilt nedkøyrd av dødsangst for det som skulle kome, klarde han å møte sine fiendar med kjærleik.

Nei, vi er ikkje Jesus, men han viser oss heilt klart kva veg han vil at vi skal gå.

God skjærtorsdag!