Bergen?

Dei har visst treft med skiltet oppetter fjellveggen der ute på Flesland. I desse dagar kan folk i alle fall bli i tvil om det er i Bergen dei har landa.  Sjølv er eg så heldig at at eg i god tid hadde planlagt å røme med yngstejenta til Rhodos. Frå regnet. Men, her slår sydenvarmen imot oss allereie då vi stig ut av bilen på Bergen lufthamn. Det enda med at eg måtte lage meg ei liste over positive ting med å reise til Rhodos i ei veke der det er meldt den heitaste bølgja i Bergen på manns minne. Og det etter to veker med kontinuerleg opphaldsvér. 30 grader i Bergen, 27 på Rhodos. Fint.

Fordeler med å reise akkurat no

  • Det er litt vel varmt både i hus og hage heime.
  • Eg slepp å ete pølser, pizza og hamburgar kvar dag. Eg nektar nemleg å stå inne å lage sunn mat. Og kva no når det i tillegg er forbode å grille.
  • Eg treng ikkje å gå på jobb for å stirre lengtande ut i varmen.
  • Når det er ferie er det eit hakk lovegare til å ete fleire is kvar dag.
  • Sjøen er varm
  • Ingen problem med sjukdom på grunn av store temperaturskilnadar.
  • Roseknoppane får vekse i fred utan at eg overvakar kvar millimeter med endring.
  • Frøa får utvikle seg utan at eg grev i jorda for å sjå kor langt dei har kome.
  • Mannen må vatne
  • Eg slepp å tenkje på at eg burda har rydda huset. Der har eg knapt sett min fot på 14 dagar. Det er jo ikkje godt å vite kva tid og om sola kjem attende.
  • Solkrem er enklare å hugse å grise seg til med kvar morgon.
  • Lystette gardiner
  • Eg kan lengte etter godt gammaldags bergensk regnvér. Ein gong kjem det nok attende.

Eg klarer derimot ikkje å sjå ein einaste fordel med å forlate hønene, som no vil vå ei veke med eit minimalt frittgåande liv. Min gode mann er ikkje fullt så hønekjær som han burde. Håpar dei ikkje får hetetokter.

God veke!