Julestemning?

Foto: Mathilde Leite Kallevik @mathildeleite

Det er allereie midt i desember og heile min eksistens lengtar etter å skrive. Eg kjem nærare både andre og meg sjølv i desember.  Kanskje det er lysa, kulden, minna? Bodskapet som jula trass alt handlar om?

Har du kome i julestemning? » blei eg spurt her om dagen. Eg svarde meir avvisande enn eg likar å vedgå: «Nei , eg er ikkje opptatt av å kome i julestemning «.  
21. desember 1997 var eg i julestemning. I alle fall ei god stund. Vi skulle ha juleavslutning på Hudavdelinga. Liknande avslutningar som dei vi hadde på Huden har eg ikkje funne seinare. Heile gjengen blei pakka inn i eit middels stort rom. Den eine dagen i året blei daglegstova til pasientane omgjort til eit lokal som dampa av varm sjokolade, julesongar, takketalar, spørjeleik og reinspikka glede. Eg trur pasientane prøvde å hjelpe kvarandre slik at dei slapp å uroe oss unødig desse timane. Dei unte oss det. Dette var den dagen i året hierarkiet ikkje eksisterte. Mi oppgåve var å spele piano til filolin og trompet. Eg blei alltid overdøyvd av ljomen av dei andre, så eg ante verkeleg ikkje om eg spelte rett eller feil. Men, det gjorde ingenting. Dette er stunder eg alltid kjem til gøyme i mitt hjarte til eg kanskje blir gamal og ligg i ei seng utan anna underhald enn eigne minner.

Bjørn Dahl, vår fantastiske portør og quiz-makar, Hudavdelinga i 1994. Bjørn døydde diverre av kreft julafta 2009.
Eg leiar ein av julefestane. Var allereie såpass gal at eg stilte i ei gamal sjukepleieuniform.

Denne dagen i 1997 blei avbroten: Eg fekk vite at eg hadde kreft i skjoldbruskkjertelen. Mannen kom og henta meg medan folk var på veg inn til tilstellinga som for meg var reine symbolet på lukke. Eg hugsar enno at eg sat i ein fæl, rustraud lenestol ved heisen. Det sit som klistra. Kontrastane vrengte sjela mi ei lita stund. 
Det blei jul dette året også, men no når eg er nærare femti, ser eg at ønske om julestemning kjem heilt nede på lista. 

Når jula nærmar seg er eg overlukkeleg kvar gong eg kan sjå rundt meg og familien er nokolunde friske. Ingen har mista livet sidan sist. 

For å vere heilt ærleg så går eg rundt og elskar livet. Eg jublar inni meg. Opplevingar eg har hatt tidlegare juler har gjort at eg set så uendeleg pris på dei julene som er heilt vanlege utan noko styr. 
Eg har erfaring med at det kan smelle raskt og uventa: I fjor knakk eg handledet 21. desember, året før mista eg (vi) eit etterlengta tantebarn.
No nyt eg minutt og dagar i fulle drag medan livet byr på ein pause.

Ungar kvir seg til å feire jul fordi foreldre nyleg har flytta frå kvarandre. Andre born er utrygge på grunn av alkohol. Nokon opplever å få dårlege nyhende rett før jul. Andre er tvers igjennom einsame. Nokon tar helst livet av seg. Ein stor del har problem med økonomien og uroar seg for at ungane ikkje skal bli nøgde. Og skal vi gå litt utanfor vår vesle verd så er det store mengder som enten svelt i hel eller blir skada i krig. Her vil snakk om manglande julestemning sikkert virke heilt absurd.

Julestemning er luksus, som mest sannsynleg dukkar opp når du sluttar å tenkje på det. I mellomtida kan vi glede oss med dei glade og gråte med dei som har det vondt.