Her ein kveld, som ei stemme frå oven,
som den kvitaste myrull, som ein mjuk liten vind.
Nesten innsovna, heile sjela var doven.
-og eg sa til meg sjølv: Er eg sjuk på mitt sinn?
-Du treng ikkje banne! Du treng ikkje banne!
Partiet for framskritt sitt møte for landet:
Eit kort, djevelsk ord,
det blei spøkt med om natta.
Effekten såg berre den smartaste katta.
Dei raude kvitterte i samla kor.
-Hopp ikkje ned i grava til andre,
den kan dei ha for seg sjølve.
Vil du at barna skal etter deg vandre,
der dei blenkjande står med si sølje?
Den sosiale boka gjev dårlege vibbar,
når bileta glefser som uhøvla gribbar.
-Ikkje gløym kva eg før har deg sagt:
Ta vare på hjartet framfor alt,
for livet utgår frå det.
-Her må du vere på vakt!
Hald auga på stien, for der finn du fred.
-Fyll opp hjartet med gode tankar,
la det bli som ei blomstrande eng.
Angen blir betre dess fleire blomar du sankar.
Som å liggje på bommullssky-seng,
aller helst under eit kirsebærtre,
omgitt av kvitrande, fjørkledde kre.
Brått har eg blitt mi eiga bestemor,
som glatt viste andre den rette snor.
Vi har alle våre unike skavankar,
la oss grunne over kor hjartet helst vankar.
Norge treng vakre og snille ord!
