Foto: Maria Leite Kallevik
Lat oss stå saman som eitt menneske. Som ender som flyg til varmare strok. Lat oss berre gjere det.
Lat oss be:
For dei som styrer landet, om at dei må få sove om nettene og at dei må kjenne at dei har folket i ryggen.
For reingjeringspersonale
For anestesilegar og anestesisjukepleiarar,
For helsefagarbeidarar
For portørar
For radiografar
For helsesekretærar
For laboratoriepersonell
For kokkar
For IT-personell
For tryggleiksansvarlege.
For TV-produsentar og programleiarar
For dei private næringsdrivande
For pensjonistar og besteforeldre
For asylsøkjarar og utlendingar
For prostituerte og kjøparar
For alle born og vaksne i flyktningeleirar
For renoveringspersonale
For journalistar og redaktørar
For direktørar og sjefar
For folk i underhaldningsbransjen
For dei som pleier våre eldre
For ungane våre
For dei som tenkjer på å ta livet av seg og for dei som sit att når nokon gjer det
For alle som har angst, er psykotiske eller har anna psykisk sjukdom
For alle som er redd for å døy
For alle som har familie som er ekstra sårbare, dei som sit i rullestol, er totalt pleietrengande, har lungesjukdom, brukar immunsuppresiva eller berre er svært sjuke
For dei som skal produsere mat
For bøndene og dyra
For fysioterapeutar
For Kongen og hans hus
For idrettsutøvarar
For butikktilsette
For fotografar
For dei som hamstrar
For alle som sit i karantene
For dei som er einsame og blir heilt åleine
For dei som vurderer å skilje seg
For tilsette i barnehage og skule
For prestar og diakonar
For studentar som lengtar heim
For psykologar og psykiatarar
For NAV-tilsette
For rike som har hatt sin verdi i økonomiske midlar
For fiskarar, sjømenn og dei som driv fiskeoppdrett
For dyrlegar
For fotballspelarar som ikkje har tilskodarar
For alle som vanlegvis blir heia på, men ikkje lenger blir det
For alle med dyre hytter
For ingeniørar
For tilsette og innsette på cruiseskip
For tilsette på oljeplattformer
For dei som jobbar i rusomsorga
For gravide og jordmødre
For radiografar og radiologar
For slaktarar
For vernepleiarar og logopedar
For vektarar og tollarar
For lydteknikarar
For telefonseljarar – og nei, eg vil ikkje kjøpe Rom 123
For anleggsarbeidarar
For personalrådgjevarar
For lokale, regionale og nasjonale politikarar
For flyselskap, pilotar og kabinettpersonalet
For forsikringsselskap
For politiet
For brannfolk
For kommunikasjonsrådgjevarar
For trykkeritilsette
For dei som er avhengige av reklameinntekter
For farmasøytar
For IKEA
For uteliggjarar og tiggarar
For enkjer og farlause
For kjeveortopedar
For møbelprodusentar
For dei som blir ramma av medisinmangel
For optikarar
For banktilsette
For frisørar
For hotelldirektørar og tilsette
For gravferedskonsulentar og dei som grev graver
For advokatar og juristar
For konsulentar og rådgjevarar
For nyskilde
For dei som tenkjer å planleggje bryllaup eller dåp
For alle som har reist ein tur og ikkje kjem seg heim att
For alle som må gravleggje sine kjære utan å kunne få trøyst
For alle som ikkje får besøkt sine kjære
For tannlegar
For forfattarar
For elektrikarar, tømrarar og røyrleggjarar
For dei som driv med butikkar
For tilsette på bensinstasjonar
For sekretærar og tilsette på kontor
For nyfødde og ammande
For tilsette i heimesjukepleien
For dei som er innlagt på sjukehus og skal opererast
For fattige familiar
For filmprodusentar
For bussjåførar, skipparar og trailarsjåførar
For bilprodusentar
For økonomar som har null kontroll
For ambulansearbeidarar
For aksjemeklarar
For forsikringsagentar
For taxisjåførar
For alkoholikarar og dei som er i karantene med dei
For bloggarar og følgjarar
For bibliotekarar
For papirlause
For dei som ligg i koma
For dei som vaknar opp etter ei veke i koma
For skodespelarar og kunstnarar
For tilsette på kafé
For organistar og pianistar
For fastlegar
For sivilforsvaret og militæret
For bakarar
For servitørar og bartendarar
For dei som jobbar i barnevernet og på barnevernsinstitusjonar
For misjonærar og pastorar
For tolkar
For bilmekanikarar
For bistandsarbeidarar og veldedige organisasjonar
For eigedomsmeklarar
For hus-seljarar
For tilsette på fabrikkar
For tilsette og eigarar av treningssenter
For farmasøytar
For filosofar som prøver å finne ut kva dette gjer med oss
For kontrollfreakar
For alle dei som ikkje kom med på lista
Lat oss be om at vi endar ut på andre sida som betre menneske:
Som ikkje trur vi er udødlege
Som ikkje lenger klagar på véret
Som ser kva som er ekte verdiar
Som aldri meir trur vi kan kjøpe oss til alt
Som tar omsyn til miljøet
Som set pris på det vi har
Som ber for kvarandre
For tilsette i fargforeningar
Som er mindre egoistiske
Som gjer opp med dei vi har lagt for hat
Som innrømmer feil
Som kastar mindre og kjøper meir brukt
Som set meir pris på å gå på jobb og å treffe kollegaer
Som prøver å forstå korleis andre har det i staden for å dømme
Som aldri prøver å selje helbredelse og forbøn for pengar
Som har god hygiene i sjukdomstider
Lat oss be om eit endra samfunn:
Der styresmaktene høyrer på grasrota
Der vi ikkje brukar mykje ressursar på å produsere ord som skal skjule lite handling
Som brukar meir ressursar på å førebyggje enn å behandle
Som brukar mindre ressursar på rapportering og meir på tillit
Som har opparbeidd seg kompetanse på pandemi og kan gjenbruke denne
Som har fått større evne til å endre retning i høgt tempo
Vi kan alle be om å få vere lys i mørket.
