Førti år med karantene i ørkenen

Foto: Eg har snikfotografert naboen sin vindu.

Sjølv om vi skulle synast at mykje av det Gud gjorde var frykteleg og uforståeleg, kan Han likevel eksistere. Vi treng ikkje å like tyngdekrafta heller, men det er ikkje dermed sagt at den ikkje finst.

Eg er mektig imponert og rørt over Jens Kihl sin kommentar Som fanden les Bibelen i BT 11. april. Gjennom åra har eg opplevd så mykje at eg ikkje lenger er redd for å diskutere vanskelege spørsmål, berre glad for at eg får lov til å tru.

I 4. Mosebok kan vi lese historia som Kihl viser til; Han som sankar ved på sabbaten og blir steina som straff. Dette var rett før israelittane endeleg kom inn i Kanaans land. 600 000 menn i tillegg til kvinner og barn hadde rømd frå Egypt. I kapittelet før var det rett før Gud ga opp heile folket då dei ikkje stolte på Han sjølv etter alle undera dei hadde opplevd. Reglane var klare, men ikkje alle ville følgje dei. Nokon braut dei med overlegg. Å fengsle nokon i ørkenen var lite hensiktsmessig.  

Regjeringa prøver å halde kontroll på oss i ein pandemi som har vart kortare enn det kjennest ut. Vi forstår ikkje dei som bryt enkle reglar. Vi har i tillegg sosiale medier til å kunngjere kva regelsett som gjeld. Før Jesus fór tilbake til Faderen hadde vi ikkje Den heilage ande. Guds “sosiale medium” der Han kan kommunisere til mange samstundes utan å snakke gjennom profetar. Gud hadde ein plan som gjekk over tusenvis av år der eit av måla var at Jesus skulle bli født. Mange profetiar skulle oppfyllast og mykje sto på spel. Då Jesus vart fødd gjekk rundt hundre profetiar i oppfylling.

Då vi var små las far min i Bibelen for oss kvar kveld. Som eldst av fem søsken fekk eg også med meg reprisane. Og dermed heilskapen i Bibelen. Eg forsto på eit vis at det var ein samanheng og at alt endra seg i Det nye testamentet. Eg vart aldri redd. «Hans og Grete» skremde derimot vitet av meg. Sjølv om vi skulle synast at mykje av det Gud gjorde var frykteleg og uforståeleg kan Han likevel eksistere. Vi treng ikkje å like tyngdekrafta heller, men det er ikkje dermed sagt at den ikkje finst.

Laust snakk
Dei første som kom til Jesu tomme grav var ei gruppe med kvinner. Kvinner var ikkje høgt akta på den tid, men Jesus viste gjentatte gonger at dei var elska og verdsett. Då kvinnene kom til læresveinane for å fortelje at Jesus hadde stått opp, var det berre Peter som sprang for å sjekke sjølv. Dei andre meinte det var laust snakk. I mangel på bibelkunnskap dømer mange kristendommen utifrå kva kristne gjer og seier. Det er lett å tru at det er laust snakk. Ingen kristne er perfekte, snarare tvert imot. Det er vel grunnen til at vi treng Gud. 

Gud møter folk på ulikt vis
Tomas ville ikkje tru at Jesus hadde stått opp att før han sjølv hadde sett og tatt på Han. Tomas sette krav til bevis og Jesus godtok kravet ved å vise seg spesielt for han. Der har vi kristne noko å lære. Alle er ikkje like og skal heller ikkje bli det. Vi treng ulik tilnærming for å bli overtydd.

Det skjer når Gud vil, ikkje når vi vil
Overprestane og dei skriftlærde var ute etter å drepe Jesus, men dei ville ikkje at det skulle skje under høgtida då dei risikerte oppstyr. Jesus hadde trass alt opparbeidd seg ein supportarskare. Men Gud ville at det skulle skje i påska. Den gamle påska skulle erstattast med ei ny. All symbolikken i «den gamle påska», som blei feira til minne om utfarten frå Egypt, viser til Jesu liding og død. Det var ikkje tilfeldig at dødsengelen gjekk forbi dei som hadde smurt blod på dørkarmane. Dei blei spart slik som Jesu blod sparer oss.

Ei stor takk til Kihl som prøver å finne ut av Bibelen med eit ope og ærleg sinn. Han utset seg for alle velmeinande, allvitande, galne og belærande kristne. Han les Bibelen offentleg noko få kristne er tøffe nok til å gjere.

Eg er djupt rørt og imponert. Dette gjorde påska langt betre enn den kunne ha vore.

Foto: Torunn Ebbesvik