Foto: Øygunn L. Kallevik 10. mai 2019
Ein hegg er ikkje som andre tre.
Gå inn i treets intimsone og alle sorger er gløymde.
Ei himmelsk, bedøvande luftboble.
Bli der.
Du kan ikkje plukke med deg ei grein. Ei slik enorm duft treng fridom for å virke.
Elles blir den påtrengjande og irriterande.
All lukke kan ikkje fangast og kontrollerast. Den må nytast der og då. Den varer kanskje berre ei kort tid.
Nyt nærværet i lange drag før blomen fell av, og det berre er eit heilt vanleg tre igjen.
Eg snakka med mor mi i går og ho var så glad for heggen som blømde i Uskedalen. Så langt har den ikkje kome her enno. Eg fann ei gamal notatbok som eg skulle skrive noko i. Då slo eg tilfeldigvis opp på desse orda eg skreiv i fjor. Eg hadde heilt gløymt at eg hadde skrive det.