23. januar vakna eg og gjekk på do slik eg ofte pleier. Då kjende eg ei stikkande smerte i eine brystet. Og der kjende eg forsyne meg ein ganske stor kul. Men brystkreft kjem no ikkje over natta. Screeninga eg hadde vore på i desember 2019 viste ingenting.
Etter å ha høyrt på mas frå søstera mi om kor viktig det er å sjekke for mykje enn for lite, bestilte eg straks time hos fastlegen. Slik at han kunne sei at dette ikkje var noko å uro seg for.
Fastlegen kjende den store kulen og kunne roe meg med at den kjendest grei ut, men det var ei pitteliten greie ved sidan av den store som han ville sjekke likevel.
Etter halvannan veke var eg på Haraldsplass på brystdiagnostisk senter.
Legen vil ha litt fleire bilete sa sjukeleiaren. Då visste eg det.
Legen såg på meg med dei snillaste augene over munnbindet. Den store kulen var ikkje noko å bry seg med, men det var noko anna han ikkje likte. Han ville ta ein prøve. Sjukepleiaren heldt meg i handa med blå hanskar. Det var ikkje litt vondt ein gong. Litt for lite i grunn. Fysisk vondt treng ikkje alltid å vere det verste.
No har du vore flink å kome raskt. Ingen teikn til spredning i lymfeknutar. No skal vi gjere det vi kan for å få dette behandla. Den store, ufarlege kulen kan ha berga deg.
-Trur du det er kreft? sa eg.
– Vi har hatt pasientar som har gått til avisa og klaga på at dei har hatt kreft, og så var dei heilt friske, men her trur eg du har noko som må bort, sa legen.
MR same veka. Den hadde eg kvidd meg til, men her var det berre til å ligge på magen med puppene ned.
Mandagen ringte ein sjukepleiar frå Bryst- og endokrinologisk poliklinikk. Vi vil gjerne ha deg inn i morgon til ein samtale med lege.
Til no hadde eg framleis eit pittelite håp om at dette var tull.
– Då har de funne noko, sa eg
– Ja, det forstår du sikkert, men eg kan ikkje sei så mykje meir.
– Å, men, eg treng å vite alt no. No når eg veit at det er noko.
– Nei, men du skal få kome til Turid Aas.
– OK, takk, det hjalp.
Turid Aas er eit av dei vakraste legemenneska eg kjenner.
Kjetil (mannen min) var med neste dag. Helst ville eg berre snakke om gamle dagar og ikkje vite så mykje meir. Turid var ein av dei legane som eg hadde mykje å gjere med i 1997 då eg hadde kreft i skjoldbrukskjertelen.
Ho kom likevel raskt til poenget:
– Du forstår at vi har funne noko som vi vil fjerne. Vi må operere bort kulen, men du får behalde brystet.
– Eg elskar deg, Turid sa eg.
Men du må nok ha behandling. Cellegift og strålebehandling. Det vil nok ta rundt ni månadar.
Helsenorge.no forsvann ut av fingrane mine. Å vere prosjektleiar for helsenorge-prosjekta har vore ei sann fryd. Alle dei eg har hatt kontakt med rundt om i heile Helse Bergen; sjukepeiarar, legar, sekretærar. Samarbeidspartnarar i Haugesund, Stavanger, Førde og Haraldsplass. Kollegaer.
OK. No grin eg litt.
Nok om det. No er eg i gang. I dag har eg vore på rundtur i sjukehuset. Det starta med anestesilegen. Han hadde eg jobba tett med i samband med eit skjema. Det gjorde meg så glad å sjå han, han var ikkje like glad for å sjå meg i denne samanheng. Og han skal bedøve meg i morgon. Det høyrest sikkert fullstendig vanvittig ut, men det ser eg fram til. Makan til proffe folk rundt om på Mitt Haukeland. Kjenner det er godt å sjå litt folk og kjenne omsorg frå så mange på ein gong.
Dei som har snakka med meg dei siste tre åra veit at eg prøver å få alle til å forstå kor viktig det er å få i seg nok jod. I mai 2020 kom ein 300 siders etterlengta rapport frå Vitenskapskomiteen for mat og miljø: Benefit and risk assessment of iodizatio of household salt and salt used in bread and bakery product.
Konklusjonen er at dei ikkje tilrår å tilsetje meir jod i salt eller bakverk då dei er redd for at små barn skal bli overdosert. Og her stranda det. Normenn har framleis jodmangel. Før styresmaktene gjer drastiske tiltak vil nordmenn blant anna få kreft i skjoldbruskkjertelen, få stoffskiftesjukdom, spontanabortere og problem med å bli gravid. Ungar vil få lese- og skrivevanskar og få lågare IQ.
Sist eg fekk tid til å jobbe med jodsaka hadde eg knukke handleddet. Då fekk eg tid til å skrive dette:
For å lese ein 300 siders rapport og lage meir trøbbel treng eg minst å få kreft.
Jada, no skal eg ta vare på meg sjølv. Og eg kjem til å grine høgt og tydeleg innimellom. Men akkurat i dag er eg glad. Og det har eg tenkt til å fortsetje med så lenge det fell naturleg. Sjølvsagt brukte eg eit par dagar på å forsone meg med at eg må vere borte frå jobben og folka eg elskar.
I 2018 gjekk eg inn i politikken for å prøve å ta saka den vegen. Det var delvis mislukka, men dei høgtståande politikarane eg har åtvara bør gå litt inn i seg sjølv og tenkje ein gong til.
Etter å ha bedt om forbøn hos arbeidskameratar, både heidningar, agnostikarar og kristne, er det nok ikkje rart at eg kjenner meg så oppe. Bøn frå ein ekte heidning har eg stor nytte og glede av.
Her er eit bibelverset som har kome meg i hende fleire gonger:
Difor kan de jubla av glede, sjølv om de no ei lita stund, om så må vera, har det tungt i mange slags prøvingar. Slik blir trua dykkar prøvd. For når til og med forgjengeleg gull må prøvast i eld, då må òg trua prøvast, den som er så mykje meir verd, så ho kan bli til pris og herlegdom og ære for dykk når Jesus Kristus openberrar seg.
1. Pet. 6-7
Så då går eg for det. Det hjelper ikkje om eg deppar. For meg gir det styrke å omfamne det vanskelege og finne fram galgenhumoren.
I morgon kl 10.00 ligg eg under kniven og då er eg glad om enda fleire heidningar og kristne ber for meg.
Be om at eg får brukt denne tida til noko nyttig som kan vere viktig for mange. Etter å ha jobba med helsenorge.no i eit par år har eg jo blitt flink til å tenkje nasjonalt og stort.
I mellomtida:
– Dersom du ikkje drikk minst 6 dl mjølk pr dag pluss et kvit fisk to gonger i veka:
Ta multivitamin. Den inneheld nok jod. Nycomed sin er fin og smakar ikkje vondt. Nærare info kjem etter kvart.
– Dersom du kjenner ein kul eller kjenner deg dårleg her eller der:
Spring til legen, så kanskje du bergar livet, brystet og det som bergast kan.
Det kjennest som eg er på veg inn i ei heilt ny og ukjent tid. Dører blir slamra att og nye blir opna. Klarer ikkje å la vere å vere spent på kva som ventar meg.
Takk for at eg får lov til å juble av glede uansett kor absurd det måtte høyrast ut. Å sleppe å fjerne brystet betydde svært mykje for meg. Har ikkje fleire pupper enn eg treng.
Det blir nok tøffe tider, men akkurat no treng eg å tru at eg kan vere med å redde verda.