Mitt Haukeland leverer – gong etter gong

Innlest tekst for synshemma og slike som meg som ikkje orkar å lese så mykje på skjerm


Responsen på mitt førre innlegg har vore overveldande og nesten vanskeleg å fordøye. I løpet av mine 51 år har eg truffe drøssevis med nydelege folk. Å få så mange gode minner i fleisen på ein gong var spesielt. Det må kanskje litt kreft til for å røykje ut over to hundre vener, klassekameratar, kollegaer og anna på ein gong. Vi går jo ofte i hi på kvar våre plassar. 

Å få lov til å dele dette med dykk motiverer meg til å dokumentere alt medan det er ferskt.  Det kan bli interessant å sjå tilbake på seinare.

Folk spring rundt utan pupp
I fjor på denne tid møtte eg på ein nabo i skogen med inntilsitjande t-skjorte og berre ein pupp. Ho har delt villig om si behandling. Det har inspirert meg til å gjere det same. Når ting går så raskt, er det styrkjande å tenkje på at folk spring rundt i skogen som om ingenting skulle ha skjedd. Ein pupp frå eller til betyr mindre så lenge vi lever godt elles. Ho var ei av dei første eg kontakta for å få litt gode råd.

Operasjonsdagen
Operasjonsdagen var ein av dei beste dagane eg har opplevd på lenge. Dette trur eg hovudsakleg kom av dei interessante bønene som har blitt sendt opp. Gud har både humor og medynk slik eg kjenner Han.

Frå å gå til å vere på mammografi for å få avkrefte kreft,  har eg fått krefter til å ha kreft.

Dagen starta med at eg blei tatt imot av den nydelegaste sjukepleiarstudent og ein tolmodig sjukeleiar. Etter å ha kledd meg i sjukehustruse og skjorte blei eg fora med Paracet og 20 mg Dexametason, som sjukepleiaren smilande kalla Trump-medisin. Det var altså den medisinen som Trump fekk då han hadde Korona. Dette lova bra.

Alle sjekklister blei følgd til punkt å prikke. Sjølv hadde eg vore litt vill og fylt ut eit skjema på helsenorge.no som denne avdelinga enno ikkje hadde tatt i bruk, men som ligg tilgjengeleg på Helse Vest sine sider. Ingenting ulovleg altså.

Først blei eg litt skuffa då det visst ikkje var den opprinnelege anestesilegen som skulle bedøve meg, men så sto han der likevel og berre og gjorde meg enda tryggare.

– Det var snakk om ei anna som skulle bedøve meg sa eg

– Nei, dette er mi stue, så då blir det nok meg, sa han. Du skal bli godt ivaretatt.

Augo var triste sjølv om han smilte.

Det var nok langt verre for han enn for meg å måtte involverast i dette. Hadde nokon fortalt meg veka før at ein eg hadde jobba tett med skulle sjå puppene mine hadde eg steila. No var dette meg revnande likegyldig. Kroppen min var på eit vis ikkje ein del av resten. Legar og sjukepleiarar kunne gjere med meg som dei ville. Litt same kjensla som etter ein fødsel der folk spring rundt i nettingtruser og nesten gløymer morgenkåpe.

I narkose
Kl 10.30 var det min tur. Då hadde eg hatt ein jodprat og diverse anna med den stakkars sjukepleierstudenten.

Og sjukepleiaren fekk andre velmeinte råd:

– Har de pasientar frå andre føretak i Helse Vest, spurte eg.

-Ja, det er ikkje så sjeldan sa sjukepleiaren.

-Har de tilgang til å lese om dei i journalen? sa eg.

– Nei? sa ho. Det er ein del ringing og styr for å få tak i nok opplysningar.

– Då kan du be sjefen om å søke tilgang til alle sjukepleiarane, så kan de lese dykk opp før pasienten kjem. Det heiter «tilgang på tvers». Denne tilgangen har alle legane, men sjukepleiarane treng det like fullt, så køyr på.

–    Så bra! Det skal eg gjere. Då kan vi spare mykje tid, sa sjukepleiaren.

Dei forsvann igjen. Selskapssjuk og høg på Trump-medisin studerte eg joggeskoa som vandra bak skjermbrettet. Sjukepleiarstudenten min hadde svarte Nikesko og eg elska når dei kom i min retning.

Ei kvinne klaga over kvalme bak skjermbrettet. Huff, eg hadde ikkje lyst til å bli kvalm.

Før eg fekk summa meg var det min tur til å trippe inn på operasjonsbordet saman med ein kjekk, mannleg anestesisjukepleiar. Eirik var namnet. 

På opersjonslampa kunne eg forsyne meg lese Trumpf iLed 5. 

–          De har Trump i taket sa eg. Det er ikkje bra. No har eg akkurat fått Trump-medisin.

–          Hæ? Sa anestesisjukepleiaren.

–          Lampa heiter Trump, sa eg.

–          Haha. Han klappa meg på handa.

–         Det var deilig med ei ekte hand utan hanskar, sa eg.

Anestesilegen blei utsett for litt snakk om skjemaet han og eg hadde jobba med. Han var nok glad for å få proppe maska på meg. Eit heitt triks med narkose er forretsen å be om å få litt spray i munnen før maska går på. Då blir det ikkje så tørt i munnen.

Legen sette maska varsamt over munn og nase.

– Dra pusten inn og ut fire gonger sa han. Fyll lungene godt med luft.

Deilig å sleppe munnbind tenkte eg.

– Inn og ut. Inn og ut. Inn og ut. Inn og ut. No kan du puste normalt.

Etter narkosen
Det neste eg hugsa var at eg vakna frå ein blomsterdraum. I følgje kurva som eg seinare sneik meg til å ta bilete av, var eg attende på rommet 12.05. Kl 12.30 var eg lys vaken.
Sjukepleiarstudenten hadde aldri sett noko liknande etter å ha vore der i to veker. Dei fleste låg og slumra i ein halv time. Bortkasta tid etter min smak. Ikkje var eg kvalm eller hadde vondt, men eg fekk meg litt ekstra rus for skams skuld.
To rundstykker, kaffi og juice gjekk rett ned før klokka var 12.45. Så var det å gå på do som er obligatorisk for å sleppe heim.

Noko undrande såg eg meg i spegelen. Det blågrå fjeset passa liksom ikkje saman med kor bra eg kjende meg. Då eg kom heim og tissa blått forsto eg samanhengen. Dei sprøyta nemleg noko blått inn i lymfeknutane for å sjekke kor mange som måtte fjernast. Dei hadde sagt at eg kom til å tisse blått.

Då eg forklarte Kjetil samanhengen seinare sa han:
– Det var ingen som forberedte meg på at eg skulle hente ein smurf.

Dette må nok inn i pasientbrosjyra: Det er heilt normalt å sjå blågrå ut i fjeset til neste dag.

Tilbake til senga:

Anestesilegen kom og sjekka, eg ville snakke skjema.

Kirurgen kom innom. Alt hadde gått etter planen. Svulsten var omtrent så stor som dei hadde trudd. Rundt to centimeter på det meste. Svaret på vevspørven skulle eg få om fire veker.

Anestesisjukepleiaren Eirik kom og lurte på korleis det hadde gått.

–          Vanvittig bra, sa eg. Min tredje narkose sidan mars. Men denne tok kaka.

–        Så kjekt. Det var eg som vekte deg opp, sa Eirik og smilte stolt. Du var stressa og fekk 130 i puls med det same du blei bedøvd, men vi fekk den fint ned att.

–    Merkeleg, det skjedde sist og, sa eg. Eg var jo ikkje litt stressa. Så det var altså du som sørga for at eg vakna så raskt? Det verste med narkosen er å prøve å vakne. Tusen takk. Då må eg få heile namnet så eg kan bruke deg neste gong.

Tenk at ein anestesisjukepleiar kan gjere så stor skilnad. Dei bør få meir ros.
– Kan du ta bilete av lampa med Trump på, sa eg?
Han tok med seg telefonen min slik at eg fekk prov på at det verkeleg var ein Trump i taket.

Moroa var over og sjukepleiaren følgde meg ut i resepsjonen. Anestesilegen gjekk forbi.

–          Du ser no veldig frisk ut, sa han.

Sjølv om eg var blå i fjeset, tenkte eg.

–          Eg har no vore frisk heile tida, sa eg. Og vi treng å få fiksa det skjemaet.

–          Det skal vi nok få gjort. God betring!

14.30 sat eg i bilen og gliste.

For å unngå rusa telefonar rundt til vener og kjende, som erfaringsmessig kan skje, var Kjetil streng med kven eg fekk ringe til. Det var nok lurt.

Natta blei lang. Trump-medisinen hadde effekt. Om lag 2000 ville idéar til jodkamp dukka opp ein etter ein. Først etter fem dagar gav det seg.

Nokre av ideéane var igrunn svært gode, så dei har blitt notert ned.

Ikkje rart det gjekk ille med den stakkars presidenten. Hans dose var nok langt høgare enn min. Gode idéar kan fort virke betre enn dei er. Mitt oppvigleri er heldigvis helsebringande.

Dagen etter
Kl. 10 dagen var eg hos sjukepleiar på Bryst- og endokrin for å skifte på såret. Alt såg fint ut.

Det kjekke med å jobbe på Haukeland er at eg kan svitsje mellom å vere pasient og tilsett. Då er eg ikkje berre ein kreftpasient, men kan gjere litt nytte for meg. Noko eg har lært heime, å gjere nyttige ting.
Først mottok eg all viktig informasjon, og fekk svar på alle spørsmåla eg hadde notert meg. Til dømes litt meir om kva type svulst eg hadde.
I utgangspunktet er det ein litt aggressiv type sidan den ikkje er hormonsensitiv. Den er likevel tatt tidleg, og det er ikkje dette som vil ta livet av meg. I tillegg slepp eg hormonbehandling, noko som hadde vore krise for mitt humør. Dei kan ta alle puppene for min del, berre eg får vere glad.

Til slutt fekk eg nytta sjansen til å fortelje sjukepleiaren om det kjekke skjemaet som kan spare sekretærar, sjukepleiarar, kirurgar og anestesilegar for mykje tid. Og sjukehuset for store pengar. Det er mykje enklare å sjå når eg ser det frå pasientsida. Usability-testing heiter det på fint.

Det mangla til dømes to viktige ting, som eg må ta vidare til neste versjon. Namn og telefonnummer på pårørande som skal hente, og opplysningar om sjukmelding.

Det som skjedde resten av denne dagen skal eg fortelje om ein annan gong.

Dagens andakt
Dagen før operasjonen trakk bønetanta mi eit bibelvers, og sendte på melding medan eg venta på scintigrafi. Akkurat det same trakk jentungen då vi hadde ei lita samling før leggetid.

Ef. 2.10. For vi er hans verk, skapte i Kristus Jesus til gode gjerningar som Gud på førehand har lagt ferdige så vi skulle vandra i dei.

Det er vanskeleg å ikkje vere nysgjerrig på kva som kan skje framover. Men, det kjem nok til å handle om jod.

Takk
Takk og atter takk for den oppturen de har gitt meg. Effekten av bøner og varme tankar har vore så enorm at det har tatt meg fem dagar å lande.
Det gledar meg stort å motta bilete frå folk som har kjøpt seg multivitamin. 

Håpar de heng med i svingane til eg får ein nedtur. Då kan det hende at eg treng at de trør til igjen.

Samstundes er eg glad om de vil tenkje ekstra på Kjetil som skal halde meg oppe (og ikkje minst nede) for andre gong gjennom kreftbehandling.

Og Maria på 17, som går på skulen og skal konsentrere seg om det, medan eg rusar rundt etter operasjonen.

Og Mathilde på 21, som eg ikkje får treffe før rett før påske. Ho går på Bibelskule i Grimstad, der ho trenar på å syngje Fly me to the moon. 

Sjølv takkar eg Gud for ei unik oppleving med dyktige, og som de kanskje har forstått, enormt tolmodige tilsette ved Haukeland universitetssjukehus.