8. mars – ein hyllest til ei farvorittkvinne

8. mars 2021, på sjølvaste kvinnedagen, skjedde det noko som eg aldri kjem til å gløyme. og som eg kjem til å skrive om seinare. Enten på bloggen eller i bokform. Denne påska har ført til radikale endringar i mitt syn på livet.

Kvinnedagen hadde eg tenkt å skrive eit innlegg til ein ei venninne som eg set svært høgt. Det får våge seg at det blir på etterskot. Ho har stilt opp for kvar diagnose eg har pådratt meg. Utan henne er eg usikker på om eg hadde vore i live i dag.
– Ho har dei nydelegaste krøller og den aller beste humoren.
– Der andre ikkje har forstått har ho berga meg.
– Ho er så interessant å snakke med at eg har lært meg å drikke te utan sukker eller sukettar. Fordi ho meinte det ikkje var bra for meg. Slik er det framleis.
– Ho er så ærleg at eg aldri treng å vere redd for at noko er skjult.
– Eigne plager set ho til sides for å hjelpe andre.
– Uansett kor travelt ho har det, stiller ho alltid opp for dei som treng henne.
– Ho har hatt tru på mine bøner i vanskelege situasjonar.
– Kvinnedagen er viktig for henne, og har i år har den blitt viktig for meg. Neste år blir det kanskje tog.
Ho er berre ein av mange vener eg har, men ho har seks av fem stjerner i margen