Kanskje nokon bør gå?

Ulstein og Ropstad på medlemsmøte i Bergen 2018

For å få opp engasjementet og samhaldet i KrF trengs det ein partileiar som i mindre grad enn Ropstad blir knytta til retningsvalet i 2018. Dag Inge Ulstein er ein slik mann.

KrF har sitt landsmøte 29. april – 2. mai 2021. Då vil det vere det vere naturleg å diskutere kven som er best skikka til å leie partiet.

Ut av regjering?
29. april 2021 seier Ropstad at det ikkje er aktuelt å gå i regjering med FrP fleire gonger.  Då er det vanskeleg å tru KrF blir del av blå regjering ved stortingsvalet til hausten. Med den utviklinga som skjer på venstresida skal det også eit stort under til for at KrF går inn i ei raud regjering. Kamelar er i utgangspunktet skapt til andre ting enn å svelgast heile. Uansett om dei er raude, blå eller grøne. Det er på tide å bruke tid på å bygge opp partiet.

Dag Inge Ulstein
Dersom KrF går ut av regjering ryk store deler jobben til Dag Inge Ulstein. Då vil det vere smart å tenkje kva stort han kan brukast til. Han har no internasjonal erfaring. Her viser noko av det han har vore innom i løpet av si tid som utviklingsminister.  Han er ærleg og svarar på det han får spørsmål om. Han er ikkje ein typisk politikar. Det er akkurat det vi treng.

I det legendariske intervjuet med Ulstein i med Torp i 2019 blir dei einige om at han har “elske” som sitt favorittord. Det kan kome godt med.

Ulstein har vist at han er meir opptatt av saker enn enn av farge. Han er ekte, engasjert, ærleg og er open for at han kan ha gjort feil. 

Partiet Sentrum
Det er ikkje alltid at bitterhet er det beste grunnlaget for å danne eit parti. Det tar dessutan mange år å etablere ein organisasjon som ikkje veltar i første vindpust.
Med ein annan partileiar i KrF kan det vere håp om at nokon kryp attende dit dei kom ifrå. 

Handling meir enn snakk
Det er på tide med handling i staden for snakk. Framleis er det mogleg å berge KrF. Men, det er langt frå sikkert at Ropstad har dei musklande som trengs for å få opp farten. Uansett vil han bli forbunde med meir blått enn mange kan forsone seg med.

Det vi treng er ei ekte, engasjert fredsdue på toppen.