Første dag med parykk. Den blir ikkje brukt så ofte i varmen. De får tole å sjå meg utan hår.
For meg er det mest irriterande med cellegift at eg ikkje klarer å bruke hovudet meir enn kvar tredje veke. Og den veka er det rikeleg å ta seg av for ein storbonde i Arna. Drivhuset hyler etter merksemd. Det same gjer hunden, skogen og potetåkeren. Rosene som skulle hatt stell og mann og ungar som skulle hatt litt merksemd. Så det er ein av grunnane til at eg ikkje har kome med oppdatering. I tillegg til at eg hadde litt greier å fordøye som de vil forstå etter å ha lese dette.
Det har skjedd litt vel mykje sidan den berømte narkosen eg fekk då eg fjerna kulen i brystet. Trump-medisinen (Dexametason) gjorde at eg fekk uvanleg mykje energi som måtte nyttast. Mest til å redde verda. Og like mykje til å sende ville videoar rundt til folk som låg meg på minne. Som mange har fått med seg har eg ei viss aktelse for utviklingsminister Dag Inge Ulstein. Han fekk ein 45 minuttar lang video som eg foreslo han kunne ha med seg på øyret medan han jogga.
Det kjem ikkje til å skje at eg finn fram att videoen for å sjå kva eg har sendt ifrå meg. Julekort treng eg nok ikkje å vente frå den kanten til neste år.
Tilbake til tida etter narkosen. Etter å ha sove minimalt i 10 dagar inndrog mannen både PC og telefon. Då hadde eg kome til det punktet at eg blei paranoid og var overtydd om at vi blei overvaka. Med så mykje elektronisk utstyr i huset var det kanskje ikkje så rart.
I tillegg var eg redd for at sjukehuset skulle bli hacka. Sidan alle kamera naturleg nok hadde fått tilgang til passordet mitt.
Difor fann eg på den smarte idén at eg kunne leggje meg inn på Bjørgvin DPS for å få tilgang til PC-en igjen. Då kunne eg varsle Helse Vest IKT. På Bjørgvin kjende eg jo mange folk i samband med innføring av eit skjema i samband med e-Meistring. Full tillit.
Ein fin husmorferie tenkte eg og pakka kofferten full av diverse bøker og anna knask.
Dei ville gi meg antipsykotikum og Valium. Noko eg på ingen måte var klar for. Zyprexa liksom.
Historien blir kort i denne omgang, men eg såpass kan eg røpe: Det blei rikeleg stoff til boka eg held på med som skal heite «Sikkert berre psykisk». Den skriv eg saman med far min, og handlar om meg og han. Korleis eg og han opplevde nokre av dei verste periodane hans som manisk depressiv. Korleis vår relasjon blei endra frå ubrukeleg til at eg endar alle samtalar med:
– Eg er glad i deg, far.
Det same seier han tilbake.
Slike ting er verdt å skrive bok om og kan gi håp til mange. Etter å ha engasjert meg sterkt i hans behandling har han no vore ute av sjukehus i tre år. Han er 81 år og køyrer bil igjen. Valen sjukehus har gode behandlarar som lyttar til pårørande.
Bjørgvin DPS ville ikkje ha meg. Etter fem dagar på isolat ved Psykiatrisk akuttmottak blei eg vidaresendt til lukka avdeling ved Sandviken sjukehus. Passe traumatisert og ikkje akkurat mindre paranoid enn eg var i utgangspunktet. Det hjalp heller ikkje at ingen kom på å gi meg stoffskiftemedisinen før det var gått rundt 10 dagar. Då hadde eg kome så pass til meg sjølv at eg etterlyste den. Som sjukepleiarstudent hadde eg sommarjobb ved tilsvarande avdeling. Der var det ei klin kokos dame som hadde problem med stoffskiftet. Om lag slik var eg. Etter å ha blitt vakta på dag og natt, enda eg til slutt på eit rom der det faktisk gjekk an å puste. Då godtok eg til og med at det mangla gardin. Til slutt fekk eg ein til å spikre opp noko provisorisk. Det undrar meg ikkje om det har blitt permanent. Her er det jo berre pasientar og tilsette som kjem inn. Kven bryr seg? Neste gong skal eg ta med meg gardinkrokar.

Etter å ha klaga innlegginga inn for Kontrollkommisjonen og Fylkesmannen var eg overtydd om at dei slutta å mase om medisin. Men, det enda med tvangsmedisinering. Jammen overlevde eg det og. Ei stund. Ein liten dose var nok på sin plass.
I påska tok behandlarane fri samstundes som det rann inn med nye pasientar. Ein dag kom dei inn ein sjukepleiar:
– Eg er veldig lei meg, men eg har ein dårleg nyhet.
Å, nei, kva er det no, tenkte eg.
– Vi må flytte deg på gangen. Eg veit at det er dumt, men vi har ikkje noko val.
– På gangen? Fantastisk, sa eg. Vel vitande om at det var første skritt på vegen til å kome heim.
– Hæ? Er du glad for det? Eg trudde du skulle bli lei deg, sa sjukepleiaren. Tydeleg letta.
Så der budde eg i tre dagar. På to kvadratmeter. Ingen vaska heile påska, så eg slapp å bli minna om smittehysteriet på utsida. Etter å ha vore fråtatt mobil og PC i 21 dagar fekk eg det ikkje inn den vegen heller. Lukke igrunn.

Etter å ha fått første dose med cellegift blei eg retteleg roleg og sov døgnet rundt. Det var visst ikkje så mange som merka, så dei auka dosen med Zyprexa utan at eg var klar over det.
Heldigvis visste eg råd og klarde å lure meg unna ei del av styggeskapen. Ikkje så lett å behandle ein gamal ringrev av ein sjukepleiar. Valium blei eg også tilbudt til eg var ute av døra. Men, nei takk og atter takk.
Etter å ha skapt meg vel i minst ti dagar fekk eg reise på tre timars perm. Andre dagen på perm grein eg fordi eg var så uendeleg trøytt. Etter ein telefon til Kreftavdelinga blei eg bedt om å ta temperaturen. Heldigvis hadde eg feber og måtte innleggast på Kreftavdelinga. Dette var dagen etter at sjukepleiaren hadde informert meg om at dei visste at eg ikkje tok medisinen min. Blodprøvar er skumle greier.
Det var som å lande i ei seng i himmelen. Legane på Kreftavdelingen høyrde etter kva eg sa. For å drøye opphaldet litt ba eg om ein second opinion av psykiater som var tilknytta Haukeland. Etter to dagar fekk eg beskjed om at det ikkje gjekk likevel. Det gjorde ingenting. Lukkeleg over å lov til å ta halv dose av psykiatrimedisinen i to dagar.
Vel tilbake til Sandviken møtte eg på eine behandlaren min (ein LIS-lege) i gongen.
– No har de vel fått litt tid til å fordøye at eg ikkje har tatt medisinen min. Eg visste jo at det ikkje blei gjort nedtrappingar i påska, sa eg.
Merkeleg nok berre gliste han.
Psykiateren som hadde ansvar for meg ville ha møte med meg.
Erfaringsmessig veit eg kor ille det kan gå om du ikkje gjer som du får beskjed om, så eg var kanskje pittelitt nervøs.
Tre timar seinar sat eg heime i stova vår. Ho kasta meg regelrett ut. Sidan eg hadde trappa ned sjølv slapp eg å ta meir medisin.
LIS-legen hadde dessutan hatt ein lengre prat med mannen min. Der han hadde lurt på korleis var til vanleg. Der hadde han fått vite:
- Eg var passe gal når eg var normal
- Det var sant at eg hadde snakka med ein Isralitt om jod. Og at han jobba som forskar i Tel Aviv. Det var ikkje psykosevrøvl.
- Og det stemte at eg jobba med ei bok om psykisk sjukdom.
12. april (etter 37 dagar) blei eg altså utskriven utan medisin. Vanlegvis går folk på dette stoffet i eit år etterpå. Takk og lov og pris at eg slapp. Det hadde knust meg.
No gler eg meg som ein gal til å fortelje alle dei fine tinga eg opplevde på Sandviken. Alle assistentane som var så tolmodige. Dei hadde trengt krisehjelp etter å ha passa på meg.
Opplevinga av å vere utan telefon og PC i 21 dagar. Det burde alle ha prøvd. Faktisk svært nyttig.
Først må eg overleve ein ny dose med cellegift på tirsdag. Det er tøffe tak, men det kan aldri slå opplevinga av å vere innsperra og medisinert imot sin vilje.
Opplevinga ga meg både eit og fleire kapittel i boka mi. Samstundes fekk eg ei ny kampsak. Det er over middels nyttig å ha opplevd å kome inn i dei aller mørkaste krokane i psykiatrien. Som pasient og ikkje som sjukepleiar. Heldigvis har eg tru på at eg er så psykisk sterk at eg kan klare å røske litt i ting når eg berre får denne cellegifta ut av hovudet.
Trump-medisinen held eg meg langt borte frå nokre år.
De tenkjer kanskje at eg framleis er gal som kan skrive opent om dette. Det må de berre tenkje. Ingen andre enn dei næraste hadde trengt å vite dette, og slik er det mange som har det. Vi må slutte å tenkje at psykiatri er verre en somatikk. Det gjer livet langt verre for mange. I tillegg til å ha angst for å bli sjuk skal ein ha angst for at folk skal finne ut av det.