På mitt kjekke psykiatriske opphald trudde eg at eg var forgifta. Det er no ikkje så sikkert at eg var. Langt derifrå faktisk. No er eg derimot celleforgifta med samtykke.
Det kjennest heilt inn i margen og kreativiteten ligg eit par hakk på etterskot. Då hjelper det å ha familie og andre som overtyder meg om at eg kjem til bli meg sjølv att ein gong. At eg kan gå på jobb, herje litt rundt med viktige saker. Gå på jobb igjen og gå litt lengre turar utan å få bakoversveis.
Dei første fire kurane var såpass tøffe at eg gjorde alt for å få tida til å gå seint. Hestedose kvar tredje veke.
Dei kurane eg får no heiter Taxol, og er utvunne av barlind. I staden for å tygge litt på hekken får eg det altså intravenøst. Kvar tirsdag i 12 veker. No har eg (berre) seks gonger igjen. Deretter 4 veker fri før tre veker med stråling.
Denne kuren gir meg ikkje så store tilbakeslag, slik at det er mogleg å teste grensene innimellom.
Dei har like godt putta litt alkohol saman med granbaret, så det er ikkje så lovleg å køyre sjølv same dagen.
Ein heilt vanleg tirsdag skulle eg prøve å klare meg sjølv ved hjelp av kollektive metodar. Då slapp eg å tenkje på at mannen skulle sitje å vente i to timar på at eg skulle bli ferdig forgifta.
Sist eg tok buss var 16. desember 2020. Dette blei ikkje mindre enn ei eksotisk oppleving. Tog og buss.
Klokka viste 10.07 og for ein gongs skuld hadde eg rikeleg med tid til toget. Sjølv om eg gjekk glipp av endrofinkicket ved å slenge meg på saman med fløyteblåse-mennesket.
Det var allereie 21 grader. Med ei kjensle av eventyrlyst sto eg der. Sola brann i huda.
Ei kvinne, sikkert ein del yngre enn meg, kom imot meg med målretta skritt. Iført ein fotsid raud sommarkjole. Sikkert viscose, den hang så fint. Ein slik heilt utan stropper. Den breibremma stråhatten gjorde inntrykk. Augo våre smilte kort i det ho passerte.
Ho tenkte nok:
-Ho der skulle hatt ein hatt. Ikkje bra å gå rundt utan hår i så sterk sol.
Eg tenkte:
– Ein slik hatt skulle eg hatt. Og absolutt ein slik kjole.
Ho fann seg ein plass for å vente. Så sette ho den eine foten fram. Raude strandsandalar, slike som lagar flipp-flapplyd openberra seg.
Måkane skreik. Lukt av saltvatn og tare sklei forbi i mitt indre før alt blei fortrengd av eit mørkegrønt tog. Ei uvitande kvinne hadde berga dagen min.
Sjølv om eg både sørgjer og grin fleire gonger dagleg, takkar eg samstundes Gud for at eg ikkje har spreiing. For at eg har dei beste rundt meg. At eg ikkje bur i USA, og at både ungane og eg er gamle nok til å takle det.
Innimellom kjenner eg glimt av entusiasme og kan le uventa.
Det er absolutt det beste året å ta unna dritten på. Når alle andre er opptatt med corona.
Sjukepleiarane som behandlar meg må foreløpig tole å lære litt om jod. Dei kan ikkje alltid rømme. Innimellom treff eg på andre pasientar som får same leksa. Ei traff eg på dagen etter min leksjon. Då sa heilt av seg sjølv at ho skulle begynne å ta multivitamin. Lykke.
Ikkje minst har eg kjøpt meg stråhatt.
Knallraud sommarkjole får vente til neste år når eg faktisk kan tåle å få litt sol på kroppen.

Saman med min tolmodige Kjetil ein kort tur i Kvinnherad mellom slaga.