Handling betre enn ord

Dørbank før kommuneval med Beate Husa og Ingmar Ljones august 2019. Foto: Beate Husa

KrF har vore initiativtakar til å innføre einingstakst på periodebillett, og siste året også på enkeltbillett i Bergen. Prisane er for mange redusert til ein tredel.
Samstundes treng vi å vise nynorsken litt merksemd. Pengar du sparer på to dagar reise til jobb kan kanskje ofrast på eit medlemskap i Noregs Mållag?

Nokre gonger treng vi å minnast hårete visjonar som går i oppfylling. I 2013 ba dei tidlegare KRF-ordførarane Ingmar Ljones og Torill Selsvold Nyborg fylket om å setje ned billettprisane. Dette var spesielt viktig for folk som måtte bytte transportselskap undervegs.
For folk som jobba redusert og kjøpte enkeltbillett kosta det rundt 150 kroner dagleg med tog og buss til jobb. Bilen blei redninga. Dei som ikkje brukte bil hadde fleire periodekort: Buss, tog eller båt. Då kosta ein månad berre med tog over 1000 kroner. I dag får du både tog og buss for 735 kroner.
Takka vere hardt arbeid frå KrF og velvillige samarbeidspartnarar har no billettprisen blitt meir enn halvvert. Tor Andre Ljosland (fylkesrepresentant for KrF) skal ha mykje av æra for at også enkeltbillettar no har einingstakst. Skal du til dømes frå Arna til Haukeland universitetssjukehus for å ta blodprøvar, kostar det deg no 39 kroner med tog og buss tur/retur dersom du klarer deg med 90 minutt. Dette er faktisk så banebrytande at det hadde vore verdt meir enn ein fest.
Sjølv om årets val er eit stortingsval er det viktig å ha gode kontaktar på Stortinget. Slik eg har blitt kjent med KrF er det mange hardtarbeidande og trufaste folk som jobbar for å finne gode løysingar. 

Vi har rikeleg med ord i politikken. For meg er det meir interessant å sjå på tal og faktisk handling.
Dette er sjølvsagt berre eit døme på kor KrF har gjort ein skilnad. Beate Husa og hennar glitrande jobb som helsebyråd treng ikkje mange ord, men talar til dømes heilt for seg sjølv.

Faksimilie Bygdanytt 3. september 2013

KrF: Vis ei praktisk handling for nynorsken
Som mange har fått med seg, har FpU nærast pressa folk inn i Noregs Mållag ved å hisse opp engasjerte nynorskfolk med sin F**K Nynorsk-kampanje.

Som stolt kasserar i Medisinsk Mållag (eit av yrkesmållaga under Noregs Mållag) kjenner eg på kallet til å lage min eigen vesle aksjon.

No når vi sparer så mykje på å reise kan det vere eit godt høve til å vise at vi treng nynorsk i Noreg. Vi kan ikkje risikere babylonske tilstandar der det blir enno vanskelegare for folk på tvers av landet å forstå kvarandre. Sjølv om nynorsk er eit skriftspråk vil det vere fleire som nesten snakkar slik også.
Inngrodde austlendingar skal ikkje kjenne seg heilt bortreist når dei tar seg ein ferietur til Sogn. Eller måtte slå over til engelsk når det kjem vestlendingar på besøk. Dess fleire språk vi lærer til enklare er det å lære fleire seier forskinga. Vi bør ta oss i vare for å legge til rette for å gjere folk dummare enn naudsynt.

No når vi sparer så mykje på reise vil eg oppmode alle til å melde seg inn i Mållaget ved å sende NYNORSK til 2490 på SMS. 200 kroner kan vere verdt litt gøy her i livet.

For å vise at KrF støttar nynorsken vil eg særskildt oppmode alle KrF-folk til melde seg inn.

På side 41 i KrF sitt stortingsprogram står det: 

“KrF vil sikre en reell likestilling mellom bokmål og nynorsk i Norge. Et språk i mindretallsposisjon har et vanskeligere utgangspunkt enn et språk som benyttes av flertallet. Det må derfor være en prioritert oppgave å løfte nynorskens status som bruksspråk, og fjerne hindringer som nynorskbrukere møter”.

Ei praktisk og målbar handling kan vere å melde seg inn i Noregs Mållag.