Stiv i blikket

Dagen starta godt. Ein gulkledd mann sugde trappene for lauv på togstasjonen i Arna. Det må vel vere det vi kallar lauvsuging. Eigentleg var eg på veg heim etter å ha skyssa jentungen til stasjonen, men dette stoppa meg. Sjølv om eg brukte nokre sekund før eg bestemte meg for å gå til aksjon. Med motoren i gang trødde eg ut av bilen og stilte meg framfor fyren og vinka så vidt for å få kontakt gjennom lydmuren. Han kunne trudd eg var ein heilt vanleg beundrar, men etter å ha slått frå seg den tanken stoppa han maskina, og drog motvillig det eine hørselsvernet til sides.
– Hei, kva gjer du med lauvet? Det hadde vore fint å ha til kjøkenhagen, sa eg.
– Jo, eg køyrer det til Trengereid. Han smilte nesten. Det var vel ikkje så ofte han fekk spørsmål om detaljar rundt jobben.
– Då er det vel raskare å køyre det heim til meg på Lone?
– Kanskje det? Kor mykje treng du? I fjor køyrde eg bort sju tilhengjarlass. Som du ser heng det mykje att på trea. Han peikte mot dei svære trea på kyrkjegarden, som var årsaka til alt arbeidet.
– Hmm. Kanskje best eg får nummert ditt, så eg kan sei stopp? sa eg.
Han gav meg nummeret utan å nøle, sjølv om eg kunne ha vore like skummel som eg såg ut.
Navn og adresse blei sendt.

Snakk om lykke. For eit par år sidan hadde eg vore og henta lauv på togstasjonen. Iført refleksvest med «Meir løn til sjukepleiarane», utan at det har hatt særleg effekt. Det slapp eg denne gongen, snakk om flaks.

Nokre timar seinare var eg på togstasjonen igjen. For å kome meg til sjukehuset for å få strålebehandling. På veg inn på toget snakka eg med søster mi på telefonen. Livredd for å kome for seint til moroa, var eg ute i god tid, og eg var visst den første på toget.
Midt i ei setning registrerte eg at toget var eit minutt forseinka.
Men, kor var alle folka? Framleis åleine? Pulsmotoren fekk fart på seg.
– Eg må sjekke litt her, vi må snakkast, sa eg, og studerte informasjonstavla.
Toget eg sat på skulle ikkje gå før om ein halv time. Kvalmen gjekk rett i fletta. Det var sjølvsagt Vossatoget eg skulle ha tatt, og det gjekk frå eit anna spor.
Andre dag på stråling og eg hadde rota det til.
Det var ikkje anna råd enn å ringe til sjukehuset:
– Hei, eg skal på stråling 14.30, men eg har gått på feil tog. Det neste går ikkje før om ein halv time.
– Slapp av. Kva maskin går du på? svarte sekretæren.
– Anar ikkje.
– Når er du født?
Fødselsnummeret slapp heseblesande ut av meg, som om eg skulle ha sprunge etter toget.
– Eg skal gi beskjed om at du er på vei.
På vei og på vei, tenkte eg.

Då eg var på plass på sjukehuset sto dei omtrent i døra og tok imot meg. Ikkje eg som måtte vente den gongen, nei. Venting er noko av det verste eg veit. Det har blitt nokre timar etter åtte månadar med diverse behandling. Sjølv om eg har funne mine triks, så det har blitt langt mindre venting enn det kunne ha blitt.

Ved middagsbordet ein dag seinare kom jentungen inn på galskapen med å bestille store mengder lauv.
– Når hadde du tenkt å fortelje meg dette? sa mannen. Kor skal han plassere det liksom? Midt i oppkjørselen?
Evne til konsekvensvurdering er den store skilnaden på oss to.
– Det har no ikkje kome noko enno, sa eg. Men, nede hos naboen dukka det opp omlag ti kvite sekkjer same dag. Håpar det er noko anna.
No har det gått halvannan veke og eg har ombestemt meg. Lauv blir berre styr. Det var jo noko overilt. Dessutan hadde eg besøk av eit hagemenneske, som sa at det ikkje var så lurt å importere lauv med mykje udyr på. Framleis er det noko usikkert kva som befinn seg i dei kvite sekkene, men ved nærare ettersyn såg det ut som greiner med lauv på. Det sto i alle fall ikkje «Spordrift» på sekkene. Då er det berre til å halde seg heilt i ro og håpe at lauvfyren forsto at det var eit spinnvilt innfall.

Slik går no dagane. Strålinga klarer eg å ta mellom to regnbyger, før eg reiser heim igjen og sovnar litt på sofaen saman med hunden.
5. november er eg atter eit fritt menneske. Dagen kjem til å bli hugsa som eit vendepunkt, då eg kan begynne å tenkje framover i staden for å leve på gamle minner. Då går det an å sjå seg litt rundt utan å ha blikket stivt festa på målet om å bli ferdig.