Feilringing førte til sak på Helsekontrollen

Rett før koronanen tok oss, skjedde det noko som eg ikkje klarer å tru var tilfeldig.

I januar 2020 prøvde eg å ringe ein endokrinolog i Oslo, som såg ut til å kunne noko om jodmangel knytta til spontanabortar.
Det hender at eg tar ein sjanse og ringer til folk som kan vite noko eg ikkje veit.

– Hei, det er Inger.

– Hallo. Har eg kome til endokrinologen, Inger?
Ho høyrdest litt ung ut i stemma til å vere den eg var ute etter, og det er ikkje alltid lett å treffe på første forsøk. I alle fall ikkje når det var snakk om å få ta tak i ein lege i beste sendetid.

– Nei, dessverre, eg er journalist, sa ho. Men, eg veit at det er ein endokrinolog som heiter det same.

– Å, kor er du journalist? sa eg.

–  Vanlegvis jobbar eg i Helsekontrollen i TV2, men no har eg morspermisjon.

– Kanskje du treng å vite litt om jod, då?

– Eg har akkurat fått vite at babyen ikkje toler at eg drikk melk, så det er heilt rett. Vi får vel mykje av joden via melk?

Stakkars menneske fekk heile jodleksa, men ho blei ikkje irritert, men ba meg om å kontakte Helsekontrollen og helse frå henne.
Alle dører sto opne og eg ga same leksa til ein ny journalist.
Ho fekk ein lang e-post som få hadde orka å lese, med diverse telefonnummer og artiklar.

Deriblant kontaktinformasjon til to av få legar som forstår seg på jod.
Gynekologen Jon Øivind Odland, prosjektleiar ved MISA-studiet (Miljø i svangerskapet og i ammeperioden) ved Universitetet i Tromsø.
Per Medbøe Thorsby, Seksjonsoverlege ved Hormonlaboratoriet ved Oslo universitetssykehus.

Så kom koronaen og vi snakka ikkje om anna. 23. april 2020 fekk eg melding frå nokon om at det var snakk om jod på TV2.

Jammen hadde dei laga ein episode av Helsekontrollen der dei gjorde urinmåling på ein jentegjeng. I tillegg intervjua dei «mine» legar.
Jon Øyvind blei seinare intervjua i dagsavisa ITromsø der han uttrykte si uro.
Sjølv om forskinga ikkje var avslutta valde han å dele eit bifunn om jodmangel fordi det var såpass alvorleg.

Dette er no to år sidan, men lite og ingenting har skjedd på jodfronten. Vi risikerer ein generasjon med lågare IQ enn nødvendig.
I mellomtida kan det vere lurt å ete ein Mulitvitamin (den innheld ein dagsdose med jod). Så enkelt og så vanskeleg.

Forskingsprosjektet til Jon Øyvind er klart rundt april. Han har lova at eg skal vere den første som får tilgang til tala. Ingen får sjanse til å gløyme jodsaka så lenge eg er nokolunde i live.