Kor er du når Elsie Bay deltek i finalen i Melodi grand prix 2023?

Grand Prix var noko eg var opptatt i gamle dagar, på 80-talet. Men i år kom interessa attende. Fordi eg vil gi jernet for ei eg har full tru på, og kanskje på grunn av noko eg lærde av ein israelitt.

Elsie Bay
Elsa Søllesvik er født i 1996, er oppvaksen på Sunde, og bur i Haugesund. Kvinnhering og vestlending. Artistnamnet Elsie Bay gjer det nok enklare i ein internasjonal bransje. Bay for “vik” altså.
Namnet minnar meg om når eg var i London for første og foreløpig siste gong med sjukepleiekullet, og vi var på omvising på eit privat, fisefint sjukehus. Vi sat der i ring og alle skulle presentere seg. Dei fleste med heilt vanlege namn som funkar på engelsk. Så kom dei til meg.

– Øygunn
– Oygunn, what do that mean?
– Island gun, datt det ut av meg.

Så, ja. Elsie Bay er smart.

Her syng ho i semifinalen:

For meg er syretesten å setje ein melodi på reprise. Dersom du blir lei etter to omgangar er den ikkje god nok. Denne blir eg ikkje lei av. I alle fall ikkje enno. Eg har ein tendes til å høyre mine yndlingslåtar på reprise i dagevis til eg til slutt må legge dei frå meg nokre år.

Hjelp og bli hjelpt
Dei siste åra har eg diskutert jodmangel og korleis vi kan løyse problemet med ein israelitt. Han er verken tilhengjar av jødedommen eller andre domar, men alle lærer Det gamle testamentet i Israel. Der står det jo ein del lærdom, sjølv om dei går glipp av den beste og minst skumle delen av Bibelen.

– Veit du kvifor Israel gjer det så godt på innovasjon? spurte han meg ein gong.
Det har eg igrunn ofte lurt på. Kvifor er dei så langt framme med tekniske duppedittar til dømes.

– Vi gjer slik som det står i eit biblevers:

Kast ditt brød på vatnet, for med tida skal du finna det att. Del det du har, med sju eller åtte; for du veit ikkje kva for ulukke som kan henda på jorda.

Forkynnaren 11:1‭-‬2

Dersom ein hjelper nokon utan baktankar eller gjenyting, kan det skje uventa og gode ting i neste sving. Midt i ein litt spesiell sjukdomsperiode gjorde det godt når folk oppmuntra meg. Sjølv om det var folk som eg ikkje har møtt sidan 80-talet.

Anita Søllesvik, mor til Elsa var ei slik. Ho sendte meg fleire meldingar. Her ein dag ringte eg henne. Fordi eg visste at dottera hennar skulle delta i finalen. Eg ville gjerne hjelpe henne attende. Grand Prix må eg ærleg innrømme at ikkje er mi hovudinteresse, men no blei det gøy,
Det er enklare å selje andre sine ungar enn sine eigne. Dei nektar stort sett å bli selde, i alle fall her i huset.

Det var spesielt å høyre stemma til Anita igjen, då eg ikkje har snakka med henne sidan vi gjekk ut døra frå vidaregåande i 1988.

Ho gjorde inntrykk då ho var solist på eit par nummer vi hadde på russerevyen i 1988. Trudde eg.
Her kunne eg levert fake news dersom det ikkje hadde vore for ein over middels service-innstilt journalist i Kvinnheringen som dukka ned i arkivet for å finne noko om den revyen. Klokka 9.30 på ein laurdag.
Det viste seg at verken Anita eller eg var med på den revyen, men i ein revy i samarbeid med Trygg Trafikk. Kor stort meir feil kan ein ta. Det er vel det som kallast falske minner. Uansett var det nok lurt av Trygg Trafikk å drive snikpåverknad av komande russ. Men der sang i alle fall Anita, og ho sang godt. Sak frå Kvinnheringen vedrørande russerevyen i 1988 ligg nederst i innlegget for spesielt interesserte.

Her er Anita solist:

At ho var solist i eit band har eg ikkje fått med meg før no. Dette skjedde lenge før sosiale medier stakk av med oss.
Høyr på den stemma. Tippar det er lita trong for autotune der i garden. Som mor som datter her altså. Det ligg til slekta.

Kor var du då Carola ikkje vann grand Prix i 1983?
Eg var på besøk hos søskenbarna mine på Haugland i Uskedalen. Heime hadde vi ikkje fjernsyn. Og det er henne vi hugsar. Ho strålte langt meir enn glitter kan fikse.

Som tidlegare frilans-konsertarrangør har eg ein liten draum om å få Carola til Vestlandet for stemmeprakten og mimringa si skuld. Før ho blir pensjonist. I år feirar ho at det er 40 år sidan ho starta karriera. Kanskje det kunne det ha vore fint å kombinere noko slikt med ein MGP-vinnar frå Vestlandet?

Kor var du då Johnny Logan song vann Eurovision contest i 1989?
Då Logan vann med «Hold me now» i 1989, var eg kome så langt at eg sat saman med komande svigermor og kjærasten og såg.
Reprisen høyrde vi heilt for oss sjølve. Gløymer det aldri.

Så kor er du når vi hjelper Elsie Bay til å vinne den norske finalen, og vi sender henne på gullstol til Liverpool 9. mai?

Lykke til Elsie Bay
Erfaringsmessig veit eg at det hjelper å be, uansett om det er heidningar eller kristne som ber. Ellers hadde eg ikkje vore så frisk som eg er i dag. Så då er bestillinga: Be om at Elsie må kjenne seg trygg, avslappa, glad, sterk og uovervinneleg når ho står på scena i Trondheim Spektrum i kveld. Måtte ho gløyme kor ho er, og synge som den engelen ho ser ut til å vere.

Stem på den beste. Eg heiar frå Arna, men innerst er eg framleis kvinnhering.

(Klikk her for full storleik)

(Klikk her for full storleik)