Grensesprengande og kunstferdig diktsamling

Bokmelding 

Andre tider
Poetisk album av Einar Økland

Lyrikk

Dikta til Einar Økland gjer noko med deg. Litt som å lese interiørblad. Du blir inspirert til å gjere noko, men ikkje akkurat det same som du ser eller les. Med bakgrunn som psykolog er Økland god på å snakke til kjenslene våre og han stimulerer lesaren til å hente fram eigne minner.

Med sine 84 år sprengjer han framleis grenser for kva som er normal kombinasjon av ord. Innimellom må du stoppe ekstra lenge for å finne moglege alternative meiningar med det heile. Svært få av dikta er på rim, dei beste er utan.

Besjeling og lun humor
Økland legg sjel og tankar til det meste; Skyer, tre, kamelar, humler, sniglar. Trea har den varmaste og næraste sjela.

Her er eit tredikt som i tillegg er til å le høgt av:

IKKJE DER
Eg står ikkje oppreist og smalbak den furua der.
Eg sit ikkje ihopkrøkt der nedeunder dei store steinane.

Eg ligg ikkje oppe på greina i bjørka.
Eg går ikkje langt ut i sivet der borte.
Ein kan verkeleg la vere
alt dette utan at nokon merkar det.

Her er det ingen som spør.
Svara gøymer seg difor
ubrukte inni meg her

Ein mann av erfaring og prinsipp
Nokre få dikt framstår som det er skrive i halvsøvne, men slik skal det nok vere. Det utfordrar og grensar til å provosere. Dei færraste klarer å skrive ned tankar som er så abstrakte at ingen forstår dei. Der skal det lang trening til. Og i tillegg tørre å få dei på trykk.
Som JA VEL JA VEL:
Dette må ein lengre enn inn i ein skog for å forstå seg på. Men kven bryr seg?
Det er Økland vi snakkar om. Mannen med over 80 publikasjonar bak seg. Som har vore rådgjevar for dei beste, og i 1968 var ein av grunnleggarane av Norsk forfattersentrum.  Økland som skriv på nynorsk, utan framandord eller jåleri. Den gjennomførte bruken av “nå” i staden for “no” viser ein mann som har sine prinsipp. I Valevåg i Sveio er er det “nå” som gjeld.
KAMELEN er eit dikt som er ope for tolking. Ein lesesirkel kunne ha blitt opptatt ei heil samling med eit slikt.

Barnleg og drøymande
Det er ikkje mange menn som samlar på glansbilete, men det gjer Einar Økland. Noko han også har laga ei heil samling av. For etterslekta er dette undervurdert. Å kunne vise korleis ting var før. Det barnlege og drøymande skin også gjennom i dikta.

I SOLFLAUG får vi vere med i ein fantasi der ein flåte av puter og krakkar siglar ut i skogen og endar på ein holme. Vi treng alle å kunne sigle ut på ein holme innimellom.

Lite sportsleg
Etter å ha snakka med Økland har eg forstått at han ikkje er glad i idrett. Jobbing på småbruket held han likevel i form.
Fotball har nok heller ikkje vore det store:

TAPAREN VINN
Brått fekk eg ballen
heilt for meg sjølv
midt i fjeset:

Der låg eg.

Alle lika det.


“Grunnen til at eg har så god helse er hovedsakleg at eg ikkje har drive med idrett”, sa han ein gong.
Mannen snakkar som han skriv. Han er ei oppkome av kunstferdig framstilling av det jordnære. Heldigvis kjem nokre av orda ned på papiret. 

Første del – “Då og der” tykkjer eg er best, men noko utpeikar seg i del to, “Nå og her” også.
Som:

I FORKANT
Innbrotstjuvane? Nei, dei stel ikkje
krydderhylla – nei, såpass
sjølvinnsikt har dei. Men eg,
kva skal eg med den?

Til å vrenge hjernen av
For ein type og for ei eksperimentering.
To dikt har overskrifta i parentes. Grunnen er vel at vi skal ha noko å lure på. Her er litt av kvart å lure på for dei som treng hjernetrim. Som to dikt som er nesten heilt like med 14 siders mellomrom. Er det ein feil, eller skal han skjerpe hjernen? Det vil ingen få vite. 

Måtte Einar Økland leve i hundre år. Vi treng originalar som berre blir betre med åra. Vi treng orda hans til å bryne oss på, finne roen med og å lære oss å skilje oss ut.