Dette er dagen som Herren har gjort

I det siste har eg gått ein del i Arna kyrkje. Første pinsedag var eg på plass. Sjeldan har eg opplevd liknande pinsestemning. Med hauggamle, nynorske salmar, som talte like godt som presten. Vi kan ikkje la desse døy ut på vår vakt. Den norske kyrkja har halde fast på det gamle. På godt og vondt. No har eg bikka ein alder som gjer at eg merkar meg mest det gode. Dessutan er det ein stad eg ikkje blir freista til å ta ordet. Då får eg trent meg på å lytte.

Rett før eg gjekk til gudsteneste kom eg på dette ordet som står i
Salmane 118:24
Dette er dagen som Herren har gjort; lat oss jubla og gleda oss no!
Den første salmen som var sunge inneheldt utelukkande denne setninga.

Frå eg var svært liten, var eg med foreldra mine rundt om i kyrkjene der far var organist. Orgelet har eg sakna, men eg har ikkje vore klar over kor mykje. Nattverd rundt altarringen er også så spesielt at eg kunne ha gått der berre av den grunn.

Postludiumet blei spelt og sunge av organist Olav Arne Steinkopf/kateket Cathrine Snipsøyr. Når eit postludium er så vakkert at du må gå heim og finne ut kva som blei framført, seier det alt. Nella fantasia.
Eg måtte sjølvsagt filme det. Familien var ikkje like begeistra over at eg etterpå ville vise dei kor bra det var. Opptil fleire gonger. Mitt opptak var ikkje rettferdig overfor aktørane, så under er ein annan versjon. Å ha slike musikarar i nabolaget er eit lukkefunn. Her blir eg. Kyrkjekoret next.

Teksten er på italiensk, men er omsett til engelsk under.

In my imagination I see a just world
Where all live in peace and honesty.
I dream of souls that are always free
Like clouds that soar

Full of humanity; deep in spirit.
In my imagination I see a bright world.
There even night is less dark.
I dream of souls that are always free,
Like clouds that soar.

In my imagination there is a warm wind
That breathes over the cities, like a friend.
I dream of souls that are always free,
Like clouds that soar.

På kyrkjetrappa fekk eg verva eit ektepar inn i Arna Mållag. Det tok kaka. Pinsedagen vart ein noko uventa fest.