Drepen av tannkost i Indre Arna

Det gjekk akkurat opp for meg kvifor det heiter Indre Arna med trykk på «I». Det er nemleg her ting kan skje. Som i indre dalar rundt omkring. Eller indre skogar. Kva veit vel eg.
Etter å ha slurva med støvtørking i lange tider, kom eg over ein noko snuskete tannkostladar. Klok og noko reinsleg som eg er, fylte eg vasken med vatn saman ein klunk klor og putta den nedi. Kontakten var jo heilt på andre enden, så dette skulle nok gå fint. Ein av grunnane til at eg gifta meg, er at eg innimellom treng å bli passa litt på i slike høve. Mannen berga meg altså frå den sikre død, og eg slapp å oppleve ei slik overskrift.

Elles kan eg melde at eg har kjøpt ny parasoll. Ein dei eigentleg ikkje visste at dei hadde på Obs bygg. Ting som ikkje viser på nettet eksisterer knapt i desse dagar.

Under utstillingsmodellen fann eg eit ungt par med ein nyklekt unge.

  • Likte du også denne? sa jenta.
    Ho er vel jente når ho var 26? Vanlegevis er det eg som startar samtalar med framande, så dette var stort. Men det er vel lett for når ein blir sitjande i sofaen saman under ein parasoll. Det innbyr til mingling.
  • Ja, eg tar denne, sa eg. Den er jo enorm. Du vil vel kanskje vere medlem i Noregs Mållag når du først er her? Eg må innrømme at eg verva ein på veg til 17. mai toget. Han var allereie litt brisen.
  • Jo, det må eg visst. Og eg er til og med heilt edru. Det var ein som prøvde å verve meg før, så då får eg vel takke, ja.
    Nokon sår, andre haustar. Slik heiter det på det bibelske språk.

    Til gjengjeld sjekka eg at dei hadde både til meg og dei, medan dei slappa av under parasollen. Han i kassa blei passe forvirra. Skal du ha ein eller to? Vi blei samde til slutt.

Det er vel til å innsjå at eg kunne ha trengt eit lite støyt av den tannkosten.

Som de merkar er agurknyttsesongen i full gang her i Indre Arna. For første gong kan eg ete heimedyrka agurkar i mai.