Altomlitt er alt om litt. I sommar har eg sysla med litt andre ting og skaffa meg ein ferievikar litt på tampen. Eg elga meg innpå ingen ringare enn den store musikkanmeldaren og erke (bergensar) – Engelen. Eller Einar Engelstad som han heiter for ein og annan. Av og til er det kjekt å utvide […]
Livet
Paradis ligg i Bergen

Eg sit stille som ei mus i soltørken. I håp om at ikkje idyllen skal bli broten og med eit ønske om å unngå heteslag. Forresten har eg aldri sett ei mus sitje stille, men det kan ha med meg å gjere. Diverse vêrappar blir sjekka med vanedannande mellomrom. No er regnet avlyst og det […]
Den 21. dagen utan regn i Bergen

Over tre veker med samanhengande sol i Bergen krev omtale. Det er viktig å ha noko å sjå attende på når det kjem harde tider. Klokka var 20.3O og eg slepte med meg hunden som viste meir av tunga enn det eg vurderer som kledeleg. Ho bada nesten frivillig i elva. Eg kunne kjenne sola varma, […]
Ein mann med mykje ljos over seg

Han heitte Kåre og hadde ein gong krøller. Kåre tyder: Med krøllete hår. Enkelt men samtidig noko medfødt vakkert. Han hadde alltid vore der, ofte i bedehuset saman med dei andre. I min barndoms bedehus. Der hadde kona hans også vore. Ho som no er enke. Dei fann kvarandre etter å ha vore i same […]
17. mai – dagen vi er glade

17. mai – stresset blir gjort eit poeng av i diverse aviser. Men, kanskje det er det vi har gjort det til. Eit stress for å framstå perfekt frå frukost til kveld. Kanskje fordi vi ikkje lenger kjenner at vi har noko å feire? Det er ikkje alltid så lett å tvinge fram den stormande […]
Takk og lov

Dei verste kranglefantane har alltid gitt meg energi. Slike som er lang over gjennomsnittet grinete og inneslutta, og som andre helst unngår. Dersom ein slik forsvinn ut av livet mitt leitar eg instinktivt etter ein ny. Å få dei sintaste til å smile gir meg glede. Mann med stativ på hovudet Då eg var sjukepleiarstudent […]
Å velje si eiga mor

Eg var ganske vaksen før det gjekk opp for meg at Jesus ikkje starta sin eksistens ved fødselen. Han har alltid vore der, men tok bustad mellom oss som eit lite, uskuldig menneskebarn. Litt av Jesus si bøn i Getsemane før han blir krossfesta: Så lat no herlegdom lysa om meg, Far, den herlegdom eg hadde […]
Handbrekk til jul

Mannen velta tilfeldigvis det ferdigpynta juletreet 21. desember, då han skulle hjelpe meg med å plassere ein duk under det. Det oppsto ei kortvarig usemje og eg fekk lirt av meg at det var altfor mykje både å gjere og å tenkje på før jul. Den mest gjenlevande juletradisjonen er kanskje at det toppar seg […]
Død eller levande

Sjølvransakinga blir ofte meir nærgåande når nokon på min eigen alder døyr heilt uventa. Eg mista ein god nabo. Ikkje det at eg snakka så ofte med han, men han var no der. Smila vår møttes når vi og hundane passerte kvarandre. Sist sa han at han gjerne ville ta seg ein tur innom og […]