Eg har gått over til heimelaga granula etter å ha ete mi faste frukostblanding i sikkert 10 år. Det viser seg at den inneheld 16% sukkergreier. Det er vel ikkje bra i lengda, og i alle fall ikkje for middelaldrane kvinner som meg, som ikkje klarer å halda seg unna andre søtsaker heller.
Her er inspirasjonen henta frå Trines matblogg. Etter å ha ete denne ei stund er det nesten vondt når eg går tom og må eta den vanlege «sukkerblandinga».
Ingrediensar
Det tørre
6 dl havregryn
1 dl mandlar
1 dl knuste linfrø (knus dei i ein blendar), altfor dyre å kjøpa ferdig knust
1 dl graskarkjernar
1 dl solsikkekjernar
1 dl knuste valnøtter
Det våte
1,5 ss smør
1 ss honning, gjerne flytande
1 dl eplejuice
1/2 ts maldonsalt
1 ss brunt sukker
Granula ingrediensar
Framgangsmåte
- Hakk valnøtter
- Bland det tørre
- Varm opp smør, honning, eplejuice, salt og sukker og rør til alt sukker og smør har smelta.
- Slå det våte oppi det tørre og rør godt
- Fordel på bakepapir i ei stor langpanne
- Steik på 140°C på midtre rille i til saman ca. 45 min.
- Rør litt rundt ca. kvart 10. min
- Blandinga er klar når den har blitt litt brunlig
- Avkjøl og hell blandinga på ein fin boks
Eg et berre dette så lenge eg har banan i hus. Ein banan i skiver med frukostblanding og melk.
Då er dagen berga!

