På den tida Jesus blei korsfesta måtte soldatane vente til fangane var døde før dei kunne forlate staden.
For å kunne sleppe unna litt raskare, framskunda dei ofte døden ved å blant anna knekke bein på dei stakkars menneska.
Då jødane åt sitt første påskelam i Egypt rundt 1440 f. Kr. fekk dei beskjed frå Moses om korleis påskelammet skulle etast:
- Mosebok 12:46
Lammet skal etast i eitt hus. Du må ikkje ta noko av kjøtet ut or huset, og de skal ikkje bryta bein i det.
Dette skulle symbolisere Guds lam (Jesus) når han skulle døy på korset. Sjølv om det var altså var vanleg, slapp Jesus unna beinbrytinga. Dette fordi Gud hadde bestemt det frå starten av.
Då Moses førde isralittane ut av Egypt etter 400 år i fangenskap, fekk han diverse beskjedar frå Gud. Blant anna fekk han overlevert steintavlene med dei ti bod.
Sjølv om istralittane opplevde ein haug med mirakel, blei dei litt i tvil innimellom, og tok til å klage på fasilitetane. Kanskje ikkje så rart når dei blei verande i ørkenen i 40 år.
Ein gong dei gjekk tom for vatn ga Gud Moses beskjed om å slå staven sin på ei klippe. Det kom då ut friskt vatn.
Neste gong det blei vassmangel sa Gud at Moses skulle snakke til klippa. Men, han gjekk sin eigen veg. Han kjefta på folket og slo på klippa to gonger.
Klippe er i Bibelen eit symbol på Jesus. Han blei berre slått ein gong. Derfor blei dette feil i Guds auge og Moses fekk «bank». Straffa var at han ikkje fekk kome inn i det landet som isralittane blei lova.
Eg kjenner på ein enorm tryggleik når eg ser at det som Gud seier skal skje, det skjer. Verken Gud eller Moses var nok særleg nøygd med enden på Moses si vandring, men eg trur Moses forsto poenget likevel.
Dei store linjene er beskrive i Bibelen. Det gjer at eg lettare kan slappe av når galningar i Nord Korea og USA tek til å yppe seg. Eg trur at verda går under når Gud vil. Ikkje når andre får det for seg.
