Død eller levande – det er det same for Niels C. Geelmuyden

Bokmelding

Når de døde våkner av Niels Christian Geelmuyden
Gyldendal 2022

♥️♥️♥️♥️♥️♥️

Dette er ei bok du ikkje bør lese på bussen eller annan offentleg transport. I alle fall ikkje dersom du er typen som er redd for merksemd. Her er kan du kome til å le høgt sidan det dukkar opp morosame setningar på heilt på uventa stadar.

I “De døde våkner” har Geelmuyden fått den geniale idéen å lage portrettintervju av folk som for lengst har slått seg til ro i grava. Som gammal gravejournalist ser dette ut til å ligge heilt naturleg for han. Når du har over 600 portrettintervju bak deg, er det vel mangel på fleire levande interessante folk å portrettere.
Her blir forfattarar, musikarar, malarar, idrettsutøvarar og andre gamle kjendisar tatt med i samtalar dei seint ville ha gløymt. Camilla Collett, Henrik Wergeland, Henrik Ibsen, Edvard Grieg, Fritjof Nansen, Kirsten Flagstad, Edvard Munch med fleire. Alle er i grunn like interessante.

Svara på spørsmåla har han funne i 15.000 sider med kjeldemateriale. Med sin finurlege og lune humor er spørsmåla og betraktningar rundt historiene minst like underhaldande og lærerike som sjølve svara. 

Tittelen på boka refererer til Henrik Ibsen sitt dramastykke “Når de døde vågner”, som handlar om forholdet mellom liv og kunst. Gjennom 18 fiktive intervju er det nettopp dette som er gjennomgangstemaet i Geelmuyden si bok.

Felles for mange av intervjuobjekta er at dei har blitt dårleg behandla av nasjonen Noreg. Mange av dei har vore svært einsame og har slite med psykiske lidingar og samstundes har fleire hatt problem med rus. Boka kan vere eit trøyst og motivasjon for fok som kjenner seg utanfor, og inspirasjon til å tørre å skilje seg ut. Ikkje la seg putte i ein boks for aldri å kome ut. Mange av kunstnarane kom styrka ut av store påkjenningar og leverte stor kunst for ettertida. Her hjelper Geelmuyden oss å ta vare på mange ukjente historier.

Det er utruleg kva Geelmuyden klarer å produsere på kort tid. 62 år og nærare 40 bøker av ulikt slag. Dei siste åra har han gitt ut fleire samfunnskritiske bøker som “Sannheten i glasset- hva er det vi drikker”, “Sannheten på bordet – Det du ikke får vite om maten din”, “Pillebefinnende” og “Spermageddon”. “Når de døde våkner” er vel ein kort pustepause frå slikt arbeid. 

Fleire av intervjuobjekta er lenka opp til kvarandre på ulikt vis. Noko som blir illustrert med diverse historier.

“Strindberg og Munch forelsket seg simultant i den norske kunstneren Dagny Juel, som var gift med en polsk dikter. Situasjonen er foreviget i bildet «Sjalusi». Konflikten løste seg ved at kvinnen kort tid etter ble skutt av en russisk fyrste i Tbilisi.” s. 226

Måten denne episoden er beskrive på er typisk Geelmuyden. Det tragiske blir komisk. Med sin ærverdige og pene skrivestil blir kontrastane desto større. Niels sine mange flotte ord passar dessutan rett inn i fiktive samtalar frå 1800 -1900-talet.

For folk som ikkje klarer å tileigne seg historie, er dette etter mi erfaring ein ypparleg måte å lære litt fakta på. Det er godt gjort å skrive 446 sider med halvvegs oppspinn som sjølv eg kunne tenkt meg å lese meir av.