Dersom du trur du kan nynorsk kan det vere lurt å ta eit kurs. Enten for å forstå Jon Fosse heilt ut, kunne skrive offentlege brev, eller ta ein eksamen. Eller for å bli litt mindre høg på deg sjølv når du skriv. Nynorsk er kunst, og dei fleste blir aldri heilt utlærd.
Lite motiverer meg like mykje som å vere saman med folk som ser litt mørkt på ting. Eit par dagars samling i Oslo hos Noregs Mållag gjorde susen. Stikkord – randsonemidlar. Heilt fint om du ikkje forstår kva det er. På møtet representerte eg yrkesmållaga. Noko skuffa blei eg merksam på at mållaget for køyrelærarar var avgått med døden. Men, Juristmållaget, Løvebakken mållag, Mediemållaget, Mållaget i LO-administrasjonen, Noregs Lærarmållag og Landbruksmållaget er framleis i live.
Og sjølvsagt – Medisinsk Mållag, som no har runda femti år. Det starta som Medisinarmållaget Eir i 1934 for «fagleg arbeid og kameratsleg samvær». Innhaldet er framleis det same. Det er noko av årsaka til at leiinga av Medisinsk Mållag ser lyst på den språklege framtida. Er det ikkje kjekt kan det vere det same, men det er det sjølvsagt.
Denne gongen blei det fly for tog til Oslo. Høgdepunktet var då flyverten sette i gang ein diskusjon om strikking under matrunden. Han kunne dele at han var for sterk til å bruke trepinnar, då dei knakk tvert. Strikking er litt på same viset som nynorsk. Det skaper ei slags sekterisk samkjensle som ikkje er å forakte når ein vil ha ting til å skje.
Eit høgdepunkt på samlinga var å treffe nestleiaren i Hordaland mållag, Arild Reigstad, som viste seg å vere frå Arna, der eg bur. Her var det mykje gnist, og han kunne tilby eit gratis Nynorskkurs som dei har fått laga til lærarar, men som fungerer like godt for andre. Strålande nynorsk minutt for minutt.
Medisinsk Mållag kan fort bli brukt til å endre verda. Her kan du lett melde deg inn og ta del. Prisen er vel den same som på 80-talet, så her er det store pengar å spare.