Ingenting skjedde

Snøflak som gøymde skiten i løpet av få minutt. Snølyktene før dei rasa saman.
Kvite fjell mot lys blå himmel. 
Lys blå, ja. Pastell.

Gleda når frosten slapp, og vi endeleg fekk laga grop til klinkekulene – det var slikt vi leika med på skulen.

Den første gauken, og trua på at noko stort kunne skje – om vi fann han. Ingenting skjedde.
Ugla som gjorde seg til i mørket, men som eg aldri såg. Den berre ulte meg i søvn.

Fisking av småfisk som katten elska.
Katten, ja. Denne ukritiske malinga – uansett vêr eller føre.
Kattungar som vi jakta på i løa til ein og annan bonde. Oppklorte hender når vi først fekk fanga ein. 

Løa, ja. 
Der hoppa vi ned i det stikkande, levande høyet. Frå plankar høgt oppe.

Bilturar som aldri tok slutt. Ferjer som aldri kom fram.
Ferja, ja. 
Den var det aller best å rekke. Men ikkje når det var ei kvit sandstrand i nærleiken av kaien. Lukta av ny badering som snart smakte sjø. 

Plommer med i ein papirpose på skulen. Og eple i fleng. Så blei vinden strengare, og trea blei tvinga til å strø resten av frukta rundt seg.

Snart slapp blada taket i greinene – i sjølve livet.
Fjorden mørkna og blei stille. 
Fjorden, ja. 
Den blei alltid stoppa av ei aude øy – der alt kunne skje. Men ingenting skjedde. 

Dagane som berre var – er og blir dei beste.