Livet går ikkje alltid slik ein ynskjer. Dei siste åra har det vore litt diverse. For min del hjelper det å skrive om det i håp om at nokon kan bli trøysta, eller at det kan bli enklare å snakke om vanskelege ting. Kanskje treng eg det sjølv også for å kome vidare.
Psykose nummer to på to år er langt verre enn nummer ein.
Eg er eit over gjennomsnittleg engasjert menneske som gjerne vil redde verda både her og der. Det kan få uante følger med mange involverte. Kven, kva, kor har eg enno ikkje heilt oversikt over. Takk Gud for min omsorgsfulle mann og familie. Utan Gud hadde eg vel heller ikkje turt å dele dette.
For gøy
I slutten av februar toppa det seg. Livet blei for gøy. Etter å ha overlevd kreft to gonger blir det kanskje ekstra sterkt å leve. Når det er like kjekt å gå på jobb som å ha fri, er det på tide å ta seg ein pille. Det har eg no lært.
Det heile starta kanskje med eit par konsertar eg var tungt involvert i rett før jul. Der eg gav alt. Etter pandemi og cellegift var eg endeleg sosial igjen. Endorfinane tok overhand.
Nyleg las eg i ei bok om noko som blir kalla Stendahl-syndromet. Folk kan reagere så sterkt på kunstinntrykk at dei blir innlagt på psykiatrisk. Here I come. Musikk er vel kunst betre enn noko.
Soving er ut
Sove har eg gjort nok i mitt liv, så der kutta eg kraftig ned. Ein artikkel i Bergens Tidende om at ved å ta ein sov-veldig-lite-kur der lite søvn i ein periode kunne føre til auka søvnkvalitet inspirerte meg. Det funka jammen på meg. På slutten var det fire til fem timar per natt. Utruleg kva ein kva få gjort då.
Etter kvart kopla hjernen seg av og levde sitt eige, sjuke liv. Det kan eg diverre ikkje ta ansvar for. Nokon får ein knekk i ein fot, eg fekk altså ein knekk i hjernen.
Angst og depresjon er inn i tida og er heilt normalt å snakke om. Mani og psykosar er kanskje større tabu. Så då får de litt av mine greier..
Gonoré for alle pengane
I gamle dagar jobba eg nokre år ved poliklinikk for seksuelt overførbare sjukdomar. Då er det naturleg å stikke innom der når eg er på jobb. I februar fekk eg vite at gonoré var i ferd med å ta heilt av i Noreg, og at det var vanskeleg å stoppe utviklinga. Det gjekk ut over svært unge og uskuldige jenter som risikerte å bli sterile. Dette medførte at eg jobba dag og natt for å lage ein landsdekkjande haldningskampanje. Kondom var jo ikkje godt nok. På grunn av resistensutvikling kan vi få problem med å behandle flåttbit, hjernehinnebetennelse, beinbetennelse og diverse. Desse sjukdomane blir behandla med den same medisinen som blir brukt mot gonoré. Spesielt ille er det at dette gå ut over små barn. Kompliserte saker, men det kan skje.
Nokon måtte jo ta ansvar, men det blir nok ikkje meg.
Bybanen og Ado i beste symjetid
Noko som kan ha tatt humøret i skyene, var at eg fann ut kor gøy det var i symjehallen, Ado. Mellom klokka 12 og 14 er det halv pris, og for ei halvt sunnmøring er det nesten ikkje til å klare å la vere.
Oftast hadde eg ein bane heilt for meg sjølv etterfølgd av badstue – midt i veka.
Bybanen velta kanskje det heile. Kor gøy var det ikkje å springe rett frå toget og inn på bybanen. 10-15 min tidlegare på jobb på Haukeland. Jau, eg trur det var bybanen som må ta skulda for at det bikka totalt.
Ein liten time på Bjørgvin DPS
Min gode mann organiserte ein poliklinisk time på Bjørgvin DPS. Det er lang kø for å sleppe inn i psykiatrien, men eg slapp rett inn. Det seier det meste.
Klokka fire natta før sendte eg ut diverse e-postar om varsling om at eg var utsett for diverse drapsforsøk. Sjølvsagt med kopi til ulike sjefar og direktørar. Det er lett å få paranoide tankar når søvnen forsvinn. Usikkert av kva grunn. Skal du varsle er mitt råd å gjere det om natta. Slik at du ikkje blir stoppa med det første.
I e-postane var det ikkje skjulte tankar eller sanningar som kom ut. Heldigvis får eg vel seie. Alle har jo sine tankar om eitt og hitt, men det eg styrte med var heilt tydeleg ikkje meg.
Det var som å drøyme at du sit på do midt blant folk. Berre at dette var ekte. og at det var hjernen som var naken, ikkje kroppen. Det er langt verre å vakne opp til kan eg love deg.
Stadig kjem eg over e-postar og meldingar eg har sendt. Det søkk hardt i meg kvar gong. Rett nok er eg kjent for å vere impulsiv, men dette var ein psykiatrisk live-demo som gjekk breitt ut. Enno ein grunn til å skrive dette. Slik at folk ikkje trur at det er slik eg er til vanleg. Aldri godt å vite.
Så vidt eg veit har ingen døydd av mine opptrinn. I alle fall ikkje foreløpig. Det trøystar eg med.
Valium og PST
Første natt på Bjørgvin blei eg fora med Valium, noko eg heilt klart ikkje toler. Valiumen gav berre ekstra fyr til bålet.
Brått og uventa blei eg livredd og ringde Kjetil for å høyre at han hadde det bra. Ingen svarte og eg ringde sjølvsagt politiet. Han var visst berre ein tur på do. Så då måtte eg altså ringe og avlyse den turen.
Heldigvis var eg overvaka av PST ved hjelp av skjult kamera, så det var jo bra. For å vere sikker ringde eg dei også:
– Hei, Øygunn.
Då forstod eg at dei hadde kontroll og eg kunne legge meg.
Ikkje alle kan skryte på seg å vere på førenamn med PST.
Dagen etter fekk eg nok, og det gjorde dei på DPS-en også, så eg drog vidare til lukka avdeling på Sandviken. Oppsummert – Crazy banana.
Psykiatrisk akuttmottak
Å vere innlagt på psykiatrisk akuttmottak er noko som kanskje må opplevast for å forstå, og det vil eg helst ikkje snakke om med det første. Maten bestod av ein klump med havregraut og etterkvart ostesmørbrød med grusomt mykje oregano. Som straff kasta eg vatn på ein stakkars lege i protest. Sidan ho var den som sto nærast. Heldigvis klarte eg å kome meg ut derifrå etter eit par dagar. Men først fekk dei notert i journalen at eg var opptatt av seksualiserte greier. Sjølvsagt var eg det, midt i ein gonorékampanje.
Intensiv
Ikkje alle veit at det er noko som heiter Intensiv på Sandviken. Lokala var heilt nye. Der var til og med spegel på rommet, slik at eg ikkje trengte å sjå heilt gal ut slik som sist, der eg ikkje såg meg sjølv på tre veker. Det er lenge for folk på min alder.
Det var passe intenst å vere på intensiv. Men det gjekk. Overlegen var så grei at eg stolte på henne, og svelgde unna mengder med medisinar. No har eg blitt vane med dei, så om eg skulle bli for glad ein annan gong, kan eg klare å ta litt heime.
Valiumen hadde motsett effekt, og gjorde at eg strengt tatt gjekk på fylla i nesten ein månad. Kombinert med resten av galskapen blei ikkje dette særleg bra. Samstundes som eg hadde tilgang til mobil. Heilt til eg var i ferd med å kjøpe ein flygelliknande instrument på Finn. Då blei den heldigvis tatt inndratt.
No forstår eg kvifor eg ikkje er ønska på fyllefestar, avhaldskvinne som eg er. Her har dei fleste felles hukommelsestap i ettertid.
No sit eg altså her med alt eg har sagt og gjort utan at andre gløymer. Det er vel til pass.
Frie assosiasjonar
Heldigvis var det mykje å le av der inne. Som at dei sjekka meg ein gong i kvarteret for å sjå om eg sov. Noko eg sjølvsagt burde ha gjort, men det var jo ikkje så lett når nokon stadig kom inn for å sjekke. Var det noko eg ikkje ville så var det å ta livet av meg. Eg hadde det jo knallgøy.
Ein dag passerte overlegen meg i gangen, medan eg sat og snakka med ein forskingsassistent, som eg hadde klart å avtale eit møte med. Legen var ganske pen med langt, lyst hår. På genseren sto det PARIS.
– Paris. Paris Hilton fekk eg meg til å seie.
Ho kunne jo minne litt.
Siste gong eg såg henne, sa eg til henne då ho gjekk ut døra:
– Ta deg ein bolle.
Dette er vel det vi kallar frie assosiasjonar. Det var faktisk nokon som hadde laga bolla på kjøkenet, så det var godt meint. Jamfør full i ein månad.
Då eg møtte på ein av dei andre pleiarane sa han:
– Eg høyrer nokon måtte ta seg ein bolle?
Begynte å røyke
Andre pasientar er alltid gøy, og helst dei som er ute og røykjer. Det enda med at eg fekk rulle meg ein røyk, og begynte å røyke. I alle fall to gonger.
Dagen etter kunne eg fortelje til ein av pleiarane at eg no hadde slutta å røyke.
– Fantastisk, så flink du er, sa ho.
Verre var det med ein pasient som sopte puslespelet mitt på golvet to dagar på rad. Andre gongen må eg innrømme at eg slo hardt i bord.
Samlivsterapi
Som gamal sjukepleiar er det alltid vanskeleg å sjå andre pasientar utan å blande seg. Den eine lova eg å passe på. Ei natt vakna eg av eit skrik i naborommet. Skulle minst tru at ho var i ferd meg å bli drepen. Ut av rommet møtte eg på det eg trudde var tre skumle menn, men dei var vel berre pleiarar.
Den eine drog eg i skjegget og kalte han ei geit. Jamfør å vere full i ein månad.
Vi enda med å bli vener, og i løpet av natta las han ei samlivsbok, som eg av ein eller annan merkeleg grunn hadde med meg. Han gjekk heim og kjøpte roser og konfekt til kona. Det hjelpte visst på eit eller anna kunne han fortelje neste kveld. Skal berre sjå eg har redda eit ekteskap der.
Ein kveld sto eg opp etter at eg hadde sovna for å spele sjakk med den same fyren. Augene gjekk i kryss, så det blei med tre trekk.
På Intensiv var det mange på jobb, så eg hadde ofte ein og annan som eg kunne knuse i bordtennis. Med medisin i blodet forsvinn ein del hemningar, så då er det enklare å smashe. Her vil nok antipsykotikum vere god doping for dei som treng tips.
Målet var å gå tilbake til Media City og knuse eit par Deloitte konsulentar i bordtennis.
Rett før eg var innlagt var eg nett innom døra der og utfordra eit par menn som sto og spelte. Eg var for utrent og kald på hendene til å slå dei. Enno så dårlege dei var, men ein gong..
Pianospel
Av natur likar eg ikkje å kaste bort tid. Så då ordna eg meg alltid med å ha noko å gjere. Etter kvart som eg slapp inn på vanleg lukka avdeling var det mindre tid for pleiarane å ha det gøy, så då måtte eg klare meg sjølv.
På eit iskaldt besøksrom kunne eg spele piano. Så då blei det Rondo Amoroso i lange banar. Etterkvart som medisinen virka, gjekk fingrane seinare, så i staden for at det blei mindre feil, blei det verre og verre. Legane hadde kontor i same gangen som eg sat og spelte, så etter kvart blei eg utskriven, dagen før påskeferien.
Bipolar eller unipolar
No veit eg altså ikkje om eg har blitt bipolar, eller kanskje berre unipolar. Det vil vise seg. Her er det berre til å ta ting som dei kjem. Heretter må eg nok rekne med skulande blikk dersom eg blir for overivrig. Noko eg faktisk har vore i alle år. Dersom eg hadde vore i nærleiken av ein psykiater tidlegare, ville eg nok ha blitt medisinert for lenge, lenge sidan. No får eg prøve å halde meg på rett side av sjukehuset.
Etter å ha vore ein månad på avrusing i drivhuset, er eg heldigvis i gang med å jobbe igjen. Det er jo ikkje sjølvsagt. Denne gongen måtte eg verkeleg krumme nakken for å tørre å sjå folk i augene igjen. Messenger er dessutan ein farleg, farleg app.
Innimellom har eg lyst til å grave meg ned saman med potetene, men den tanken må eg nekte å ta inn over meg. Dette gjeld fleire. Ikkje rart folk blir djupt deprimerte etter ein mani, men det har eg faktisk ikkje tid til. Heldigvis har eg gode vener, familie, sjefar og kollegaer som støttar meg. Det er ikkje alle som er så heldige.
Peace and love.