Det gjekk akkurat opp for meg kvifor det heiter Indre Arna med trykk på «I». Det er nemleg her ting kan skje. Som i indre dalar rundt omkring. Eller indre skogar. Kva veit vel eg.Etter å ha slurva med støvtørking i lange tider, kom eg over ein noko snuskete tannkostladar. Klok og noko reinsleg som […]
Livet
Dette er dagen som Herren har gjort
I det siste har eg gått ein del i Arna kyrkje. Første pinsedag var eg på plass. Sjeldan har eg opplevd liknande pinsestemning. Med hauggamle, nynorske salmar, som talte like godt som presten. Vi kan ikkje la desse døy ut på vår vakt. Den norske kyrkja har halde fast på det gamle. På godt og […]
Ord
Ein kveld kom det smygande til meg dette ordet,ord.Det kviskra meg inn i søvnen, og kom ut att like heilt neste dag. Vi er ingenting utan ord.Utan ord er vi når vi ingenting har å seie. Mektige ord er meir enn berre ord.Desse orda kjem helst frå slike utan makt. Kloke ord er som duskregn.Dogg […]
Ingenting skjedde
Snøflak som gøymde skiten i løpet av få minutt. Snølyktene før dei rasa saman.Kvite fjell mot lys blå himmel. Lys blå, ja. Pastell. Gleda når frosten slapp, og vi endeleg fekk laga grop til klinkekulene – det var slikt vi leika med på skulen. Den første gauken, og trua på at noko stort kunne skje – […]
Kurs i nynorsk for deg som trur du kan det
Dersom du trur du kan nynorsk kan det vere lurt å ta eit kurs. Enten for å forstå Jon Fosse heilt ut, kunne skrive offentlege brev, eller ta ein eksamen. Eller for å bli litt mindre høg på deg sjølv når du skriv. Nynorsk er kunst, og dei fleste blir aldri heilt utlærd. Lite motiverer […]
2023 – opp eller ned
Mandagen 16. mars 2020 blei eg operert for første gong sidan eg hadde kreft i skjoldbruskkjertelen i 1997. Paralellt med starten på Covid 19. Etter det har eg hatt tre ulike operasjonar. Dersom vi ser bort frå ein fem vekers tur innom Sandviken, på grunn av reaksjon på medisinen eg fekk under brystkreftoperasjonen, gjekk alt […]
Ei tid for å gråte, ei tid for å le
Ei tid for å gråte, ei tid for å le, ei tid for å sørgje, ei tid for å danse. Forkynnaren 3:4 Det har truffe oss alle, ein eller annan gong. Dei siste to åra har det for mange blitt mykje gråting. 16. desember kl 11.30 måtte vi avlive Laika, vår høgt elska hund gjennom […]
Stiv i blikket
Dagen starta godt. Ein gulkledd mann sugde trappene for lauv på togstasjonen i Arna. Det må vel vere det vi kallar lauvsuging. Eigentleg var eg på veg heim etter å ha skyssa jentungen til stasjonen, men dette stoppa meg. Sjølv om eg brukte nokre sekund før eg bestemte meg for å gå til aksjon. Med […]
Narkose endte i psykose
Første dag med parykk. Den blir ikkje brukt så ofte i varmen. De får tole å sjå meg utan hår. For meg er det mest irriterande med cellegift at eg ikkje klarer å bruke hovudet meir enn kvar tredje veke. Og den veka er det rikeleg å ta seg av for ein storbonde i Arna. […]
Heggen som sto i fjor
Foto: Øygunn L. Kallevik 10. mai 2019 Ein hegg er ikkje som andre tre. Gå inn i treets intimsone og alle sorger er gløymde.Ei himmelsk, bedøvande luftboble.Bli der.Du kan ikkje plukke med deg ei grein. Ei slik enorm duft treng fridom for å virke.Elles blir den påtrengjande og irriterande.All lukke kan ikkje fangast og kontrollerast. Den […]